Dette emnet er nedlagt

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Emnet gir ei elementær innføring i hovuddraga i den norrøne språkstrukturen, samtidig som ein ser norrønt språk i ein historisk samanheng som utgangspunkt for moderne nordiske språk, og då spesielt norsk. Emnet gir også ei oversikt over norsk språkhistorie frå ca. 1800 til i dag med vekt på dei offisielle språknormene på 1900-talet og bakgrunnen for dei.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • omsetje og kommentere grammatisk det norrøne tekstpensumet
  • jamføre norrønt språk fonologisk og grammatisk med moderne norsk
  • gjere greie for hovuddrag i utviklinga av språksystemet frå norrønt til moderne norsk (nynorsk og bokmål)
  • peike på likskapar og skilnader mellom dei skandinaviske språka (norsk, dansk og svensk) historisk og i dag
  • presentere den historiske bakgrunnen for utviklinga av dei to norske skriftmåla
  • vurdere den norske skriftmålsnormeringa etter 1850
  • setje den norske språksituasjonen inn i eit nordisk og internasjonalt perspektiv
    Endeleg karakter viser i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Ingen obligatoriske forkunnskapar utover generell studiekompetanse.

Undervisning

Totalt 36 timar seminar gjennom heile semesteret. Ei skriftleg og ei munnleg kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjende av faglærar før eksamen. Den skriftlege oppgåva som individuelt arbeid skal ha eit omfang på 9000-12000 teikn utan mellomrom (4-5 sider), som gruppeoppgåve ca. 2300 teikn (ei side) meir per deltakar.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ein 4 timars skoleeksamen i slutten av semesteret.

Hjelpemiddel

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk emnerapport vår 2010

Anna

Obligatorisk erklæring som vedkjem fusk skal leverast saman med alle obligatoriske kvalifiseringsoppgåver og eksamensinnleveringar. Informasjon om fusk og lekkje til obligatorisk erklæring.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Kvar vår, men ikkje våren 2014

Eksamen

Kvar vår, men ikkje våren 2014

Undervisningsspråk

Norsk