Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

  • forholdet mellom diakron og synkron syntaks
  • forholdet mellom diakroni og typologi
  • forholdet mellom språkendring og språktileigning
  • beskrivingsmodellar for syntaktisk endring
  • utprøving av syntaktiske modellar og teoriar mot historiske data
  • tolking av historisk språkmateriale til bruk i syntaktisk generalisering

Kva lærer du?

Bli i stand til å arbeida vitskapleg med historiske syntaktiske data, ved m.a.

  • bruk av modellar og teoriar i samband med master-eller doktoravhandling
  • kritisk vurdering av forskingsresultat innanfor feltet

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Emnet krev opptak på MA-nivå

Undervisning

Seminar med 2 undervisningstimar per veke og innlagde leseveker, i alt 15 veker. Studentane legg fram minst éi kortare øvingsoppgåve, skriftleg eller munnleg, undervegs i seminaret. Oppgåva/oppgåvene må vere godkjend(e) av faglæraren før studenten kan gå opp til eksamen.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen består av ei semesteroppgåve på ca. 10 sider (23.000 teikn). Tema for semesteroppgåva tek utgangspunkt i pensum og blir fastsett av student og faglærar i samarbeid seinast midt i semestret. Oppgåva skal leverast innan fastsett dato i slutten av semestret og blir vurdert med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Undervisning
Haust 2009

Vert ikkje undervist hausten 2007
Annankvar haust.

Eksamen

Annankvar haust.

Undervisningsspråk
Norsk

Engelsk ved høve.