Dette emnet er nedlagt

FRA3501 – Oppgåvekurs - Program for europeiske og amerikanske studium, studieretning Frankrike (med oversjøiske departement og territorium)

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Studentane skriv ei oppgåve på ti normalsider over eit emne som er valt i samråd med ein faglærar.

Kva lærer du?

Studentane skal få høve til å fordjupe seg i eit emne innanfor fransk historie, politikk, økonomi eller samfunn. Dei skal øve opp evna til å velje ut, avgrense og problematisere det emnet dei har valt, og gi ei strukturert framstilling av sakskomplekset. Emnet vil også ha ein MA-førebuande funksjon.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Eksamen i minst to andre områdeemne i studieretning Frankrike (med oversjøiske departement og territorium)

Anbefalte forkunnskapar

Studentane må ha gode nok språkkunnskapar (sjå krav som gjeld andre emne på same nivå).

Undervisning

Undervisninga vert gitt som 2 timar seminar i 10 veker, med innlagt pause til oppgåveskriving.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamensforma på emnet er ei semesteroppgåve på 10 sider à 2300 teikn.

Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.

Ei ”Obligatorisk melding som vedkjem fusk” (http://www.hf.uio.no/studier/eksamen/obligerklaering.html), skal fylgje med alle oppgåver som studenten leverer til vurdering.

Eksamensspråk

Oppgåva skal skrivast på fransk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter innleveringsdato.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Siste gang vår 2011.

Undervisningsspråk

Fransk