Dette emnet er nedlagt

FRA3520 – Leseemne, fransk kulturkunnskap

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Emnet skal gi studenten høve til å fordjupe seg i ein epoke, ei hending eller ei anna side ved fransk historie som ikkje er dekt av eit anna emne på dette nivået. Studenten kan også velje eit emne innanfor fransk samfunnsliv (politikk, sosiale spørsmål, skolesystem o.l. ) som ho eller han ikke har fordjupa seg i på FRA2509. Emnet byggjer på eit pensum på ca. 600-800 sider.

Kva lærer du?

På grunnlag av forskningslitteratur og/eller kjeldemateriale skal studentene kunne gi ei problematisert og kritisk framstilling av eit sakstilhøve som er valt i samråd med ein faglærar.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Det er manuelt opptak til emnet. Vennligst kontakt studiekonsulent

Undervisning

Emnet er basert på sjølvstudium i nært samarbeid med ein faglærar.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Emnet vurderast både innhaldsmessig og språkleg på bakgrunn av ei semesteroppgåve på 8-10 normalsider (à 2300 teikn). Oppgåva skal skrivast på fransk.

Du leverer oppgåva i Fronter. Meir informasjon om innlevering av eksamen i Fronter

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Eksamensspråk

Fransk

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Ei semesteroppgåve som har fått bestått eksamensresultat, kan ikkje leverast på ny i revidert versjon.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Anna

Emnegrupper e.l. som emnet skal eller kan inngå i:

40OMR-FRA (20SP1)
80OMR-FRA (50SP1)

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk