Dette emnet er nedlagt

FRA4516 – Frankrike som kolonimakt – kolonisering og avkolonisering

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Frå 1830 og nesten hundre år framover bygde Frankrike opp det nest største koloniveldet i verda med koloniar i alle verdsdelar. Frå 1930 tok dette veldet til å rakne, og tretti år seinare hadde dei aller fleste koloniane vorte sjølvstendige statar. Dette emnet gir deg ei innføring i denne dramatiske og ofte tragiske historia, som m.a. førte Frankrike på randa til borgarkrig i 1958.

Kva lærer du?

Du skal få ei teoretisk og analytisk forståing av korleis det franske koloniveldet voks fram i det 19. hundreåret, men særleg av kvifor det gjekk så snøgt i oppløysing. For å kaste lys over denne prosessen tek emnet særskilt for seg dei to kolonikrigane (Indokina- og Algerie-krigen) og den konfliktfylte avkoloniseringa av Madagaskar, Tunisia og Marokko. Her er det naturleg å sjå nærare på rolla til dei ulike aktørane, dvs. nasjonalistrørslene, dei franske kolonistane, den franske hæren og folkeopinionen og makthavarane i Frankrike.

Opptak og tilgangsavgrensing

Emnet krevjer opptak til masterstudieretning Frankrike-studier eller eit anna relevant masterprogram som godkjenner emnet som ein del av studiet. Dispensasjon for krav om 40 studiepoeng i fransk kan innvilgast etter søknad.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Se Opptak og adgangsregulering ovenfor.

Undervisning

Emnet har felles undervisning med FRA2503 – Frankrike som kolonimakt - kolonisering og avkolonisering (nedlagt). Undervisninga blir gitt som ein time førelesing og ein time seminar i 14 veker. Ved få påmeldte studenter kan emnet bli gitt som leseemne.

Emnet har ingen obligatoriske kvalifiseringsoppgåver og inga oppmøteplikt til undervisninga.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamensforma i emnet er ei semesteroppgåve på 10 sider à 2300 teikn som byggjer på fellespensum og eit individuelt særpensum (samla omfang 800-1000 sider).

Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.

Du skal levere oppgåva i Fronter innan ei bestemd frist. Les meir om eksamensinnlevering i Fronter.

Eksamensspråk

Du skal skrive semesteroppgåva på fransk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren blir publisert på Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdatoen

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.

Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen bruker du eit eksamensforsøk.

Ei semesteroppgåve som har fått bestått resultat, kan ikkje leverast på nytt i bearbeida form.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding fra studentene våre er avgjørende for at vi skal kunne tilby best mulig undervisning. Som student ved UiO blir du bedt om å delta i ulike typer evaluering av studiehverdagen din. Hver gang et emne gis ber vi studentene delta i underveisevaluering, og med jevne mellomrom ber vi dem delta i en såkalt "periodisk evaluering" av emnet.

Rapporter fra periodiske evalueringer

Anna

Kurset må ha minst tre studentar, inga øvre grense

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Master

Undervisning

Siste gang våren 2013

Eksamen

Undervisningsspråk

Fransk