Dette emnet er nedlagt

FRA2503 – Frankrike som kolonimakt - kolonisering og avkolonisering

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Frå 1830 og nesten hundre år framover bygde Frankrike opp det nest største koloniveldet i verda med koloniar i alle verdsdelar. Frå 1930 tok dette veldet til å rakne, og tretti år seinare hadde dei aller fleste koloniane vorte sjølvstendige statar. Dette emnet gir deg ei innføring i denne dramatiske og ofte tragiske historia, som m.a. førte Frankrike på randa til borgarkrig i 1958.

Kva lærer du?

Du skal innleiingsvis få ei djupare forståing av kvifor det franske koloniveldet voks fram (politiske, økonomiske og ideologiske grunnar), før du får setje deg grundig inn i kva som førte til at veldet gjekk så snøgt i oppløysing. For å kaste lys over denne prosessen tek emnet særskilt for seg dei to kolonikrigane (Indokina- og Algerie-krigen) og den konfliktfylte avkoloniseringa av Madagaskar, Tunisia og Marokko. Her er det naturleg å sjå nærare på rolla til dei ulike aktørane, dvs. nasjonalistrørslene, dei franske kolonistane, den franske hæren og folkeopinionen og makthavarane i Frankrike.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Undervisning

Ei dobbeltførelesing i veka i 14 veker (undervisningsvekene 1-5 og 7-15). Ved få påmeldte studenter kan emnet bli avlyst.

Emnet har krav om obligatorisk aktivitet. Studentane skal levere ei oppgåve på 3-4 normalsider (à 2300 teikn) som er skriven på fransk. Oppgåva byggjer på individuelt pensum. Ho må godkjennast av faglæraren før studenten kan framstille seg til eksamen. Les meir om retningsliner for obligatoriske aktivitetar.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamensforma på emnet er ein heimeeksamen (3 arbeidsdagar) som byggjer på fellespensum.

Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.

Oppgåva skal levarast i Fronter. Meir informasjon om eksamensinnlevering.

Tidligere gitte eksamensoppgaver finner du her: http://www.uio.no/studier/emner/hf/ilos/FRA2503/eksamensoppgaver/Eksamensoppgaver.xml

Eksamensspråk

Eksamensoppgåva skal skrivast på fransk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdato.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Godkjent undervisningsaktivitet er gyldig i inneverande og dei to neste semestera emnet vert gitt.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding fra studentene våre er avgjørende for at vi skal kunne tilby best mulig undervisning. Som student ved UiO blir du bedt om å delta i ulike typer evaluering av studiehverdagen din. Hver gang et emne gis ber vi studentene delta i underveisevaluering, og med jevne mellomrom ber vi dem delta i en såkalt "periodisk evaluering" av emnet.

Rapporter fra periodiske evalueringer

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Siste gang våren 2013

Eksamen

Undervisningsspråk

Fransk