ITA2302 – Italiensk litteratur frå opplysningstid og romantikk

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Presentasjon av tekstar og litteraturhistorie frå 1700-talet og første halvdelen av 1800-talet. Opplysningstid, førromantikk og romantikk med hovudvekt på Vico, Goldoni, Foscolo, Leopardi og Manzoni.

Kva lærer du?

Sjølvstendig kjennskap til tekstar og straumar i den viktige brytningstida før Italia vart samla. Kurset kan au tel 10 studiepoeng ved sjølvstendig lesing av ytterligere 500 s. etter samråd med faglærer.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Anbefalte forkunnskapar

Lesedugleik i italiensk.

Overlappande emne

Studentene som har tatt ITA2302 VÅR 2004 som 10 studiepoengsemne overlapper med 10 studiepoeng mot de øvrige emnene.

Undervisning

Eit 7 vekers kurs i første halvdelen av vårsemestret med 2 dobbelttimar i veka. 2 veker for sjølvstudium og oppgåveskriving. Kurset føreset aktiv munnleg deltaking og sjølvstendig arbeid med skriftlege oppgåver.

Eksamen

To oppgåver: ei teksttolking på 3 sider (à 2.300 teikn) og eit essay på maksimum 6 sider (à 2.300 teikn) skal skrivast italiensk under kurset og får bokstavkarakter. Dei to oppgåvene tel likt.

Fakta om emnet

Studiepoeng
5
Undervisning

Emnet er erstattet ITA2316 Italiensk litteratur frå 1700- og 1800-tallet - 10 sp.

Undervisningsspråk

Italiensk