Dette emnet er nedlagt

ITA4322 – Italiensk litteratur frå opplysningstid og romantikk

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Presentasjon av tekstar og litteraturhistorie frå 1700-talet og av 1800-talet. Studentane vil få gjennomgong i sentrale italienske tekstar fra opplysningstid, førromantik, romantikk, verisme og dekadentisme med fokus på Goldoni, Parini, Foscolo, Leopardi, Manzoni, Carducci, Verga, Pascoli, D’Annunzio.

Kva lærer du?

Kjennskap til litterære, politiske og sosiale straumar i den viktige brytningstida før Italia vart samla. Førstehandskjennskap til viktige forfattarskap og tekstar frå opplysningstid, førromantikk, romantikk, verisme og dekandentisme i den spesielle italienske konteksten.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Opptak til masterstudium på Litteraturprogrammet ved UiO; minst 30 studiepoeng med italienskstudium eller ulike kombinasjonar av litterære og historiske studium.

Anbefalte forkunnskapar

Lese- og skrivedugleik i italiensk.

Undervisning

Dette emnet og ITA4302 10 sp har felles undervisning med bacheloremnet ITA2316. Kurset føreset aktiv munnleg deltaking og sjølvstendig arbeid med skriftlege oppgåver.

For å kunne levere semesteroppgåva, skal studenten halde ein kort munnleg presentasjon på italiensk av ein tekst eller rundt ei problemstilling, som må godkjennast av læraren. I tillegg skal studenten levere til avtalt frist ei skriftleg oppgåve på 3-4 sider (à 2300 teikn) for å få lov til å levere den avsluttande semesteroppgåva.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamensinnlevering går føre seg i Classfronter. Les her: http://www.uio.no/studier/emner/hf/ilos/eksamensinstruks.html

Det er den einskilde student sitt ansvar å vere i stand til å levere i CF. Studentar som ikkje klarer å nytte CF, må gå på kurs hos Student-IT.

Kvar student skriv i løpet av kurset ei semesteroppgåve på italiensk på 18-20 ss. (à 2300 teikn) pluss forside og bibliografi, som skal leverast i slutten av semesteret.

Ei Obligatorisk melding som vedkjem fusk skal fylgje med alle oppgåver som studenten leverer til vurdering.

Hjelpemiddel

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Eksamensspråk

Italiensk

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Fakta om emnet

Studiepoeng

20

Nivå

Master

Undervisning

Tidligere hver vår. Ikke våren 2012.

Undervisningsspråk

Italiensk og norsk