ITA4302 – Italiensk litteratur frå opplysningstid og romantikk

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Presentasjon av tekstar og litteraturhistorie frå 1700-talet og av 1800-talet. Studentane vil få gjennomgong i sentrale italienske tekstar fra opplysningstid, førromantik, romantikk, verisme og dekadentisme med fokus på Goldoni, Parini, Foscolo, Leopardi, Manzoni, Carducci, Verga, Pascoli, D’Annunzio.

Kva lærer du?

Kjennskap til litterære, politiske og sosiale straumar i den viktige brytningstida før Italia vart samla. Førstehandskjennskap til viktige forfattarskap og tekstar frå opplysningstid, førromantikk, romantikk, verisme og dekandentisme i den spesielle italienske konteksten.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Opptak til masterstudium.

Anbefalte forkunnskapar

Ein italiensk studieretning frå eit bachelorprogram eller tilsvarande. Lesedugleik i italiensk.

Overlappande emne

ITA4322 - Italiensk litteratur frå opplysningstid og romantikk, er et 20-studiepoengs masteremne over samme temaområde som ITA2316.

Undervisning

Undervisninga vert gitt som seminar med 2 timar i 10 veker, til saman 20 timar (fellesundervisning med ITA2316 og ITA4322).

Kurset føreset aktiv munnleg deltaking og sjølvstendig arbeid med skriftlege oppgåver.

For å kunne levere semesteroppgåva, skal studenten halde ein kort munnleg presentasjon på italiensk av ein tekst eller rundt ei problemstilling, som må godkjennast av læraren.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamensinnlevering går føre seg i Classfronter. Les her: http://www.uio.no/studier/emner/hf/ilos/eksamensinstruks.html

Det er den einskilde student sitt ansvar å vere i stand til å levere i CF. Studentar som ikkje klarer å nytte CF, må gå på kurs hos Student-IT.

Kvar student skriv ei semesteroppgåve på italiensk på ca. 10 s. (à 2300 teikn) pluss forside og bibliografi.

Ei Obligatorisk melding som vedkjem fusk skal fylgje med alle oppgåver som studenten leverer til vurdering.

Eksamensspråk

Italiensk

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Italiensk

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Master
Undervisning

Tidligere hver vår. Ikke våren 2012.

Undervisningsspråk

italiensk og norsk