Dette emnet er nedlagt

ITA4316 – Dino Buzzati e il fantastico

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Gjennomgang av ein roman – Il deserto dei tartari – og av 5-6 noveller.

Kva lærer du?

Fordjupning og kritisk lesing av dei litterære verka som blir studert både frå ein stilistisk og ein tematisk synsstad og vurdert i lys av tesen til T. Todorov om det «fantastiske» aspektet.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Opptak til masterstudium på Litteraturprogrammet ved UiO; minst 30 studiepoeng med italienskstudium eller ulike kombinasjonar av litterære og historiske studium.

Anbefalte forkunnskapar

Ei italiensk studieretning frå eit bachelorprogram eller tilsvarande.

Undervisning

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Kvar student skriv i løpet av kurset ei semesteroppgåve på italiensk innanfor tekstanalyse på ca. 10 s. (à 2300 teikn) pluss forside og bibliografi. Den vil bli gjeve bokstavkarakter.

For å kunne levere semesteroppgåva, skal studenten halde ein kort munleg presentasjon på italiensk av ein tekst eller rundt ei problemstilling, som må godkjennast av læraren.

Oppgåva må innehalde kjeldetilvisingar og bibliografi som er utforma etter gitte normer Error: Reference resolver with name '//www.hf.uio.no/sitat/' not found.

Ei ”Obligatorisk melding som vedkjem fusk”, skal fylgje med alle oppgåver som studenten leverer til vurdering.

Hjelpemiddel

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Eksamensspråk

italiensk

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Master

Undervisning

Vår 2006

Eksamen

Vår 2006

Undervisningsspråk

Italiensk