TEOL4404 – Betongteologi: Arkitektur som uttrykk for religion i det offentlege rom

Kort om emnet

Kan moderne arkitektur uttrykkje noko heilagt eller overskridande? Bør kyrkjene ha eit sakralt preg, og kva er i så fall det?

Det finst ikkje noko eintydig svar på kva eit kyrkjebygg skal vera. Nokre meiner at bygget berre er eit funksjonelt skal rundt liturgien. Andre vil leggje vekt på arkitekturen sin sjølvstendige verdi i samspelet med liturgien. Og til sist har vi dei som hevdar at bygget i seg sjølv, gjennom arkitekturen, må uttrykkje eit heilagt nærvere, endå til før noko anna skjer på denne staden. Arkitekturen gir rom til dei kristne rituala og legg til rette for gudstenester så vel som bryllaup og gravferder, kulturprogram og andre aktivitetar. Uttrykkjer den også ei verdforståing, eit menneskesyn og eit gudsbilde? Vi vil drøfte om vår tids forståing av det heilage stiller nye utfordringar til arkitekturen. Desse spørsmåla skal vi ta opp både frå teologiske, arkitekturteoretiske og estetiske vinklar.

Kva lærer du?

Studentane får ei innføring i moderne kyrkjearkitektur. Dei lærer om arkitekturen i eit kulturhistorisk perspektiv og får presentert estetiske teoriar som har betyding innan arkitekturen. Kurset gir kunnskap om forholdet mellom teologi, liturgi, estetikk og arkitektur. Slik skal studentane få reiskapar til å skildre, analysere og fortolke konkrete kyrkjebygg.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Bachelorgrad i med minst 80 studiepoeng i teologi-/kristendomstudier.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Ingen obligatoriske forkunnskapar utover generell studiekompetanse.

Undervisning

Undervisninga føregår i form av førelesningar, seminar, kollokvium og ekskursjonar. Undervisninga er eit samarbeid mellom Det teologiske fakultet (TF) v/ stipendiat Margunn Sandal og Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO), v/ professor Einar/Aina Dahle. Førelesningene vil bli gitt både på AHO og TF.

Obligatoriske arbeidskrav:
Det blir lagt opp til besøk i fem moderne kyrkjer som studentane skal utforske, dokumenter, analysere og kritisere.
Innlevering av 4 mappetekster undervegs i kurset. Tilbakemelding i grupper eller individuelt.

Eksamen

Innlevering av mappe med 4 tekstar á 1200-2000 ord. Mappa skal totalt vere på 6000-8000 ord og ha innhaldsoversikt. Tre tekstar skal omhandle kyrkjer og ein tekst skal vere ein teoretisk refleksjon.

Munnleg mappesamtale, anten i grupper eller individuelt. Nærare informasjon ved undervisningsstart.

Hjelpemiddel

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Master
Undervisning
Haust 2009
Eksamen
Haust 2009
Undervisningsspråk
Norsk

Kontakt

TF-infosenter