Opptak til enkeltemne
Du kan ta enkeltemne på bachelornivå utan å gå på eit studieprogram, dersom emnet har ledig plass etter at programstudentane har valt emne.
Søknadsprosessen har fleire steg
1. Sjekk om du må søkje i Søknadsweb innan 15. desember
Du må søkje i Søknadsweb dersom du:
- ikkje er registrert i UiO sin Søknadsweb med generell studiekompetanse.
- ikkje er registrert i UiO sin Søknadsweb med spesielle opptakskrav, og ønskjer å ta emne i informatikk og realfag.
Logg inn i Søknadsweb for å sjå om du er registrert. Du kan søkje frå 16. november.
2. Oversikta over ledige emne blir lagt ut 14. januar
Om ettermiddagen 14. januar finn du lista med ledige emne for våren 2027 her. Du må vente til 15. januar kl. 9 med å søkje plass på ledige emne.
Dei mest populære emna blir raskt fulltegna, og ein må vere rask. Derfor er det lurt å lese rettleiinga til Studentweb på førehand.
3. Søk på ledige emne i Studentweb frå 15. januar kl. 9
- Frå 15. januar kl. 9 kan du søkje på emne i kultur-, språk- og samfunnsfag.
- Frå 19. januar kl. 9 kan du søkje på emne i informatikk og realfag
- Først-til-mølla-prinsippet gjeld, og du får svar med éin gong.
- Vi kan ikkje garantere plass på emnet du ønsker å ta, da pågangen på Studentweb kan vere så stor at emnet blir fullt før du rekk å få plass.
- Nokre emne har krav til forkunnskapar.
- Om det frigjerast plassar på emnet, kan det dukke opp att på lista.
Når du loggar inn på Studentweb:
- Logg inn med ID-porten, og ikkje med Feide.
- Bruk Mac/PC, ikkje mobiltelefon.
Sjå korleis du går fram for å søke på enkeltemne.
4. Registrer deg og betal semesteravgifta
- Registrer deg med melding til emne og betal semesteravgifta etter at du har fått plass på emne. Betalingsopplysningane finn du i Studentweb.
- Du blir enkeltemnestudent for eitt semester om gongen.
- Fristen er 1. februar 2027.
- Krav om Kopinor-avgifta, kr 110, blir først synleg i Studentweb tidleg i februar. Du får e-post når du kan betale.
5. Brukarnamn og passord til UiO sine tenester. UiO e-postadresse
Når du har registrert deg med emne, og betalinga av semesteravgifta er registrert på UiO, får du brukarnamn på sms og kan sette passord til UiO sine tenester. Du får også ei UiO e-postadresse som du må ta i bruk. Det tek ca. ein dag før brukaren din blir aktiv. Tidlegare studentar sett sjølv passord i passordtjenesten. Gjeld dersom du nyleg har vore student på UiO.
Når du har fått brukarnamn og sett passord, kan du mellom anna:
- logge på læringsplattforma Canvas
- bruke Zoom på ein sikker måte
- skaffe deg digitalt studentbevis
- logge på Studentweb med UiO brukarnam og passord
- ta i bruk UiO e-postadressa. Du finn adressa under Min profil øverst til høyre i Studentweb.
Studieavgift
Studentar med statsborgarskap frå land utanfor EU/EØS og Sveits må betale studieavgift for å studere i Noreg. Det gjeld også enkeltemne.
Kontakt Knutepunktet
– for spørsmål om søknadsprosessen, opptakskrava eller anna praktisk
Om enkeltemne
- Enkeltemne på masternivå
- Aktiv studierett eller ikkje