For å bli registrert med spesielle opptakskrav må du søkje om å bli enkeltemnestudent i Søknadsweb innan fristen.
For å kunne søkje på ledige emne innan den kategorien emne du vil, må du dokumentere dei spesielle opptakskrava i Søknadsweb.
Normalt har emna dei same spesielle opptakskrava som studieprogrammet dei tilhøyrer. Sjå kva for studieprogram som har dei ulike kravkodane her: Spesielle opptakskrav
Nokre emne i realfag og informatikk har ikkje spesielle opptakskrav, eller har andre spesielle opptakskrav enn kategorien dei tilhøyrer.
Enkeltemne i informatikk (kravkode MATRS)
Du må dokumentere:
- Matematikk R1 (eller Matematikk S1+S2)
Unntak
IN3140 har same spesielle opptakskrav som enkeltemne i realfag.
Enkeltemne i biovitskap og geofag (kravkode REALFA)
Du må dokumentere:
- Matematikk R1 (eller Matematikk S1+S2)
Og ein av desse:
- Matematikk R2
- Fysikk (1+2)
- Kjemi (1+2)
- Biologi (1+2)
- Informasjonsteknologi (1+2)
- Geofag (1+2)
- Teknologi og forskningslære (1+2)
Unntak
GEO2300 har same spesielle opptakskrav som enkeltemne i realfag.
Enkeltemne i matematikk, mekanikk og statistikk (kravkode REAR2S)
Dei spesielle opptakskrava for enkeltemne i matematikk, mekanikk og statistikk gjeld frå hausten 2026. For våren 2026 gjaldt same krav som for enkeltemne i realfag.
Du må dokumentere:
- Matematikk R1 (eller Matematikk S1+S2) og Matematikk R2
Og ein av desse:
- Fysikk (1+2)
- Kjemi (1+2)
- Biologi (1+2)
- Informasjonsteknologi (1+2)
- Geofag (1+2)
- Teknologi og forskningslære (1+2)
- Samfunnsøkonomi (1+2)
Unntak
MAT1050 og MAT1060 har same spesielle opptakskrav som enkeltemne i biovitskap og geofag. STK1000 , MAT1080 og MAT1020 har same spesielle opptakskrav som enkeltemne i informatikk.
Enkeltemne i realfag (kravkode REALR2)
Du må dokumentere:
- Matematikk R1 (eller Matematikk S1+S2) og Matematikk R2
Og ein av desse:
- Fysikk (1+2)
- Kjemi (1+2)
- Biologi (1+2)
- Informasjonsteknologi (1+2)
- Geofag (1+2)
- Teknologi og forskningslære (1+2)
Unntak
FYS1001 har same spesielle opptakskrav som enkeltemne i biovitskap og geofag.
Enkeltemne i informatikk/realfag uten spesielle opptakskrav (kravkode GENS)
Nokre emne i informatikk og realfag har ikkje spesielle opptakskrav:
- IN1000, IN1010, IN1020 og IN1030. Du må ha bestått IN1000 før du kan ta IN1010 og IN1030.
- AST1010, BIOS1010, ENT3000, FYS1030, FYS1035, FYS1040, FYS1050, GEO1000, KJM1700 og MEK1010.
Andre måtar å dekkje krava på
Du kan dekkje dei spesielle opptakskrava med eldre realfag frå videregåande skule (samordnaopptak.no). Har du ikkje dei aktuelle realfaga frå vidaregåande skule, er det mogleg å dekkje dei spesielle opptakskrava med fag frå høgare utdanning.
Er du programstudent ved MN-fakultetet?
Registrering av spesielle opptakskrav for programstudentar ved UiO
Kontakt
Knutepunktet - sentralt infosenter for søkjarar og studentar