Kven kan søke?
Dersom du har fått tilbod om og takka ja til eit studieprogram ved UiO, kan du søke om utsett studiestart i inntil fire semester (to år).
Du kan søke om utsett studiestart på grunnlag av:
- Foreldrepermisjon
- Verneplikt
- Langvarig sjukdom hos deg sjølv eller nokon du har omsorg for
- Andre tungtvegande grunnar utanfor din kontroll
I nokre tilfelle gjer strukturen i studieprogrammet at du ikkje kan få utsett studiestart i eitt eller tre semester. I desse tilfella må du søke utsett studiestart i to eller fire semester.
Du må vere merksam på at det i løpet av fråværet kan kome endringar i studieprogrammet som har innverknad på det vidare studieløpet ditt.
Dersom du ikkje oppfyller vilkåra for å få innvilga utsett studiestart, kan du søke om permisjon utan krav til dokumentasjon.
Søknadsfrist
- 1. september for studieprogram med oppstart i haustsemesteret
- 1. februar for studieprogram med oppstart i vårsemesteret
Studieprogramma i klinisk ernæring, medisin, odontologi og tannpleie har tidlegare søknadsfrist. Du må søke om utsett studiestart innan svarfrist for tilbod om studieplass.
Dersom fristen går ut på ein laurdag, søndag eller heilagdag, blir den forlenga til neste arbeidsdag.
Korleis søke?
Bruk det digitale søknadsskjemaet, der du også kan laste opp dokumentasjon:
Dersom du allereie har søkt og har behov for å ettersende dokumentasjon, kan du bruke dette skjemaet:
Problem med å logge på? Kontakt IT-hjelp.
Dokumentasjonen må stadfeste behovet for utsett studiestart og kan til dømes vere terminstadfesting/fødselsattest, legeattest, innkalling til verneplikt eller tilsvarande.
Kva gjer du for å starte på studiet etter utsett studiestart?
Med innvilga utsett studiestart kan du starte på studieprogrammet ved ordinær studiestart i det semesteret du har fått utsetting til.
For deg som har fått opptak gjennom Samordna opptak
1. Utsett studiestart i eitt semester frå haust til vår
Du skal ikkje registrere deg som student i Studentweb eller betale semester- og Kopinor-avgift for dette semesteret.
Du startar studia på vanleg måte det følgande semesteret. Du er sjølv ansvarleg for å halde deg oppdatert på fristar for registrering og betaling av semester- og Kopinor-avgift.
Vi rår deg til å kontakte studentinfosenteret ved fakultetet i god tid før du startar studia for å få den informasjonen du treng.
2. Utsett studiestart i eitt semester frå vår til haust, eller i to, tre eller fire semester
Du skal ikkje registrere deg som student i Studentweb eller betale semester- og kopiavgift i desse semestera.
Du må søke om nytt opptak på vanleg måte via Samordna opptak innan søknadsfristen 15. april (1. mars for nokre søkargrupper). Tidspunktet for ny søknad vil gå fram av svaret du får frå fakultetet ditt om utsett studiestart.
Du er garantert plass så lenge du søker på riktig studieprogram på det tidspunktet du har fått informasjon om, og følger ordinære prosedyrar i opptaket.
For deg som har fått opptak til 1,5- eller 2-årig masterprogram
Dersom du får innvilga utsett studiestart i eitt eller fleire semester, skal du ikkje registrere deg som student i Studentweb eller betale semester- og kopiavgift i desse semestera.
Får du innvilga utsett studiestart, skal du ikkje søke om opptak på masterprogrammet på nytt følgande vår, men du må ta kontakt med ditt institutt eller senter innan 1. juni (oppstart i haustsemesteret) eller 1. desember (oppstart i vårsemesteret) for å vere garantert plass på studiet.
Du er sjølv ansvarleg for å halde deg oppdatert på fristar for registrering og betaling av semester- og Kopinor-avgift.
Spørsmål?
Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.