English version of this page

Permisjon frå studieprogram

Alle programstudentar kan søke om permisjon. Du kan søke enten generell permisjon utan krav til dokumentasjon eller permisjon på grunnlag av dokumenterte behov. Du søker og legger ved dokumentasjon elektronisk i nettskjema.

Kven kan søke?

  • Alle programstudentar kan søke om permisjon. Enkeltemnestudentar kan ikkje søke om permisjon.
  • Dersom du har behov for fråvær allereie i første semester, bør du vurdere å søke utsett studiestart i staden for permisjon.
  • Dersom du skal ha foreldrepermisjon, bør du søke permisjon med krav til dokumentasjon.
  • Dersom du treng hjelp til å planlegge studieløpet ditt, kan du vende deg til kontaktpunktet som du finn på programsida.

Generell permisjon utan krav til dokumentasjon

Du kan søke om inntil to semester generell permisjon frå studieprogrammet utan å oppgi ein grunn og utan å legge ved dokumentasjon. Du kan søke om to semester samanhengande permisjon eller eitt semester i gongen.

Du kan få permisjon i eitt semester berre dersom strukturen til programmet gjer det mogleg. Dersom det ikkje er mogleg, må du søke om permisjon i to semester.

I nokre tilfelle kan du ikkje søke om generell permisjon:

  • Medisinstudiet - midt i modular over fleire semester. Dette gjeld også for fellessemestra i klinisk ernæring og odontologi.
  • Masterprogram ved HF, fjerde semester eller seinare. 
  • Masterprogram ved MN.
  • Dersom du betaler studieavgift. 

Permisjon på grunnlag av dokumenterte behov

Dersom du har særskilde behov for permisjon, kan du søke om permisjon på grunnlag av dokumenterte behov:

  • Foreldrepermisjon
  • Verneplikt
  • Sjukdom hos deg sjølv eller nokon du har omsorg for
  • Heiltidsverv som studenttillitsvald eller som folkevald
  • Andre tungtvegande grunnar utanfor din eigen kontroll

Du dokumenterer søknaden med terminstadfesting/fødselsattest, innkallingskort, legeattest, stadfesting på heiltidsverv eller annan tilsvarande dokumentasjon.

Dersom behovet for permisjon på grunnlag av dokumenterte behov oppstår etter søknadsfristen, kan du søke etter fristen. I desse tilfella kan du også få permisjon for resten av semesteret.

Søknadsfrist

Medisin-, odontologi- og tannpleiestudiet

  • 1. november for vårsemesteret.
  • 1. mai for haustsemesteret.

Dersom fristen går ut på ein laurdag, søndag eller heilagdag, blir den forlenga til neste arbeidsdag.

Medisin-, odontologi- og tannpleiestudia har eit begrensa tal med plassar i kvart kull. Les meir om prioritering når du kjem tilbake frå permisjon:

Profesjonsstudiet i psykologi

Søknadsfristar for 1.-6. semester:

  • 1. februar for vårsemesteret.
  • 1. september for haustsemesteret.

Søknadsfristar for 7.-12. semester

  • 15. september for vårsemesteret.
  • 15. mars for haustsemesteret.

Dersom fristen går ut på ein laurdag, søndag eller heilagdag, blir den forlenga til neste arbeidsdag.

Studieprogram ved MN-fakultetet

  • 31. desember for vårsemesteret.
  • 30. juni for haustsemesteret.

Dersom fristen går ut på ein laurdag, søndag eller heilagdag, blir den forlenga til neste arbeidsdag.

Alle andre studieprogram

  • 1. februar for vårsemesteret.
  • 1. september for haustsemesteret.

Dersom fristen går ut på ein laurdag, søndag eller heilagdag, blir den forlenga til neste arbeidsdag.

Korleis søker du?

Gå til Mine studier, finn studieprogrammet ditt og følg lenka for å søke om permisjon. Du lastar opp eventuell dokumentasjon i det digitale søknadsskjemaet. 

Logg på Mine studier

Dersom du skal søke om permisjon frå fleire studieprogram, må du sende ein søknad for kvart studieprogram.

Når du har permisjon

Støtte frå Lånekassen

Når du søker om permisjon, må du sjølv setje deg inn i vilkåra for lån og stipend frå Lånekassen. 

Studentar som søker om foreldrepermisjon må setje seg inn i vilkåra for å få foreldrestipend frå Lånekassen. Foreldrepermisjonen ved UiO kan vere kortare eller lengre enn perioden du får foreldrestipend frå Lånekassen.

Permisjonsperiode

Du får utvida studietida tilsvarande permisjonsperioden. Dette gjeld sjølv om du vel å betale semesteravgifta, registrere deg, følgje undervisning og ta eksamen.

Dersom du skal ha foreldrepermisjon, kan du søke permisjon både for heile semester og for delar av semester. I søknadsskjemaet oppgir du datoar for når du ønskjer å starte permisjonen og når du ønskjer å kome tilbake til studieprogrammet. Fakultetet vil legge til rette for at du kan kome tilbake til studieprogrammet ditt så raskt som mogleg etter endt permisjon. 

Betale semesteravgifta og registrere deg

Når du har permisjon er det ikkje meininga eller forventa at du betaler semestereavgift eller registrerer deg som student, men det er mogleg.

Du kan velje å betale semesteravgifta og registrere deg medan du er i permisjon, sjølv om du ikkje skal ta emne. Dette inneber at du får semesterkvittering og framleis kan nytte velferdstilboda til Studentsamskipnaden. Dei vanlege fristane for å betale semesteravgifta og registrere deg gjeld. Merk at Lånekassa ikkje får henta opplysningar om studentstatusen din dersom du har permisjon, sjølv om du har registrert deg og betalt semesteravgifta.

Følgje undervisning og ta eksamen

Når du har permisjon er det ikkje meininga eller forventa at du følgjer undervisning eller tek eksamen, men det er mogleg.

Du kan velje å følgje undervisning og ta eksamen i emne medan du er i permisjon. Dette passar for studentar som ønskjer å studere litt i permisjonsperioden, men er avhengig av at studieprogrammet ditt gjer det mogleg. Dei vanlege fristane for å søkje plass på undervisninga og melde seg til eksamen gjeld.

På studieprogramma i farmasi, klinisk ernæring, medisin, odontologi, psykologi (profesjon) og tannpleie er undervisninga integrert og kompleks, og det er ikkje alltid faglig forsvarleg eller mogleg å skilje ut deler av undervisninga. Studentar på desse studieprogramma må kontakte fakultetet for å avklare om det er mogleg å følgje undervisning i permisjonsperioden.

Nytt undervisningsopptak for studentar i foreldrepermisjon

Dersom du må avbryte eit emne på grunn av fødsel, kan du søkje nytt undervisningsopptak til det same emnet. Dette gjeld sjølv om emnet berre tillèt undervisningsopptak éin gong, men er avhengig av at emnet går når du er tilbake etter permisjonen.

Slik blir søknaden behandla

Søknaden og eventuell dokumentasjon blir sendt til fakultetet på ein sikker måte gjennom kryptert nettskjema.

Du får vanlegvis svar frå fakultetet innan ein månad. Dersom det tek lenger tid å behandle søknaden, får du eit førebels svar om kvifor det tek lenger tid.

Du har rett til å klage på fakultetet sine avgjerder om permisjon. UiO si nemnd for studentsaker er klageinstans i denne typen saker.

Du må vere merksam på at det i løpet av fråværet kan kome endringar i studieprogrammet som har innverknad på det vidare studieløpet ditt.

Spørsmål?

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.

 

Publisert 12. aug. 2020 15:48 - Sist endra 31. jan. 2024 09:36