English version of this page

Utsett studiestart

Dersom du har takka ja til tilbod om opptak på eit studieprogram og ikkje kan starte, kan du søke om utsett studiestart.

Kven kan søke?

Dersom du har fått tilbod om og takka ja til eit studieprogram ved UiO, kan du søke om utsett studiestart i inntil fire semester (to år).

Du kan søke om utsett studiestart på grunnlag av:

  • Foreldrepermisjon
  • Verneplikt
  • Langvarig sjukdom hos deg sjølv eller nokon du har omsorg for
  • Andre tungtvegande grunnar utanfor din kontroll

I nokre tilfelle gjer strukturen i studieprogrammet at du ikkje kan få utsett studiestart i eitt eller tre semester. I desse tilfella må du søke utsett studiestart i to eller fire semester.

Du må vere merksam på at det i løpet av fråværet kan kome endringar i studieprogrammet som har innverknad på det vidare studieløpet ditt.

Søknadsfrist

  • 1. september for studieprogram med oppstart i haustsemesteret
  • 1. februar for studieprogram med oppstart i vårsemesteret

Studieprogramma i klinisk ernæring, medisin, odontologi og tannpleie har tidlegare søknadsfrist. Du må søke om utsett studiestart innan svarfrist for tilbod om studieplass.

Dersom fristen går ut på ein laurdag, søndag eller heilagdag, blir den forlenga til neste arbeidsdag.

Korleis søke?

Finn søknadsskjema og krav til dokumentasjon for ditt fakultet:

Dokumentasjonen må stadfeste behovet for utsett studiestart og kan til dømes vere terminstadfesting/fødselsattest, legeattest, innkalling til verneplikt eller tilsvarande.

Det humanistiske fakultet

Du søker via nettskjema:

Søknadsskjema for utsatt studiestart (bokmål)

Søknadsskjema for utsett studiestart (nynorsk)

Du må levere dokumentasjon på ein av følgande måtar:

  • Last opp dokumentasjon i nettskjemaet.
  • Lever dokumentasjon i HF-studieinfo.
  • Send dokumentasjon i posten til: HF-studieinfo, Det humanistiske fakultet, Boks 1079 Blindern, 0316 Oslo.

Merk at nettskjemaet ikkje er kryptert. Dokumentasjon som inneheld sensitiv informasjon må du derfor levere i HF-studieinfo eller sende i posten, og det er da viktig at det kommer tydeleg fram at dokumentasjonen gjeld søknad om utsett studiestart.

Søknaden blir ikkje behandla før du har levert eller sendt inn all nødvendig dokumentasjon. Ufullstendige søknadar vil føre til at saksbehandlinga tar lenger tid.

Dersom du ikkje oppfyller vilkåra for å få innvilga utsett studiestart, kan du søke om permisjon utan krav til dokumentasjon. Sjå meir på nettsida for permisjon.

Det juridiske fakultet

Last ned søknadsskjema (pdf):

Med innvilga utsett studiestart kan du starte på programmet ved neste ordinære studiestart.

Ved masterstudiet i rettsvitenskap kan du berre få utsett studiestart frå haust til haust, og vår til vår. Dette skuldast at haust- og våropptaket er ulike opptak med ulik poenggrense.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Send søknaden til instituttet programmet ditt høyrer til:

Det medisinske fakultet

Send søknad til postmottak@medisin.uio.no.

Du må legge ved dokumentasjon.

Dersom dokumentasjonen inneheld sensitiv informasjon, skal den sendast per post: Det medisinske fakultet, Studieseksjonen, Postboks 1078 Blindern, 0316 Oslo.

Det odontologiske fakultet

Sjå informasjon om søknad og kontaktpunkt.

Det samfunnsvitskaplege fakultet

Du søker via nettskjema:

Du må legge fram dokumentasjon på ein av følgande måtar:

  • Last opp dokumentasjon i nettskjemaet.
  • Lever dokumentasjon til SV-info.
  • Send dokumentasjon til: Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Pb. 1084 Blindern, 0317 Oslo.

Merk at nettskjemaet ikkje er kryptert. Dokumentasjon som inneheld sensitiv informasjon må leverast på infosenteret eller sendast per post.

Dersom du lastar opp dokumentasjonen elektronisk, kan originaldokumentasjon bli innkrevd.

Dersom du sender dokumentasjonen per post, er det viktig at det kjem klart fram at dokumentasjonen gjeld søknad om utsett studiestart.

Søknaden blir ikkje behandla før all nødvendig dokumentasjon er mottatt. Ufullstendige søknadar kan føre til at saksbehandlinga tek lenger tid.

Det teologiske fakultet

Last ned søknadsskjema, legg ved dokumentasjon og send eller lever det til fakultetet:

Det utdanningsvitskaplege fakultet

Du søker via nettskjema:

For masterprogrammet i utdanningsledelse er det ikkje mogleg å søke om utsett studiestart.

Kva gjer du for å starte på studiet etter utsett studiestart?

Med innvilga utsett studiestart kan du starte på studieprogrammet ved ordinær studiestart i det semesteret du har fått utsetting til.

For deg som har fått opptak gjennom Samordna opptak

1. Utsett studiestart i eitt semester frå haust til vår

Du skal ikkje registrere deg som student i Studentweb eller betale semester- og Kopinor-avgift for dette semesteret.

Du startar studia på vanleg måte det følgande semesteret. Du er sjølv ansvarleg for å halde deg oppdatert på fristar for registrering og betaling av semester- og Kopinor-avgift.

Vi rår deg til å kontakte studentinfosenteret ved fakultetet i god tid før du startar studia for å få den informasjonen du treng.

2. Utsett studiestart i eitt semester frå vår til haust, eller i to, tre eller fire semester

Du skal ikkje registrere deg som student i Studentweb eller betale semester- og kopiavgift i desse semestera.

Du må søke om nytt opptak på vanleg måte via Samordna opptak innan søknadsfristen 15. april i 2022 (1. mars for nokre søkargrupper). Tidspunktet for ny søknad vil gå fram av svaret du får frå fakultetet ditt om utsett studiestart.

Du er garantert plass så lenge du søker på riktig studieprogram på det tidspunktet du har fått informasjon om, og følger ordinære prosedyrar i opptaket.

For deg som har fått opptak til 1,5- eller 2-årig masterprogram

Dersom du får innvilga utsett studiestart i eitt eller fleire semester, skal du ikkje registrere deg som student i Studentweb eller betale semester- og kopiavgift i desse semestera.

Får du innvilga utsett studiestart, skal du ikkje søke om opptak på masterprogrammet på nytt følgande vår, men du må ta kontakt med ditt institutt eller senter innan 1. juni (oppstart i haustsemesteret) eller 1. desember (oppstart i vårsemesteret) for å vere garantert plass på studiet.

Du er sjølv ansvarleg for å halde deg oppdatert på fristar for registrering og betaling av semester- og Kopinor-avgift.

Spørsmål?

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.

 

Publisert 1. sep. 2020 15:16 - Sist endret 16. jan. 2023 14:39