English version of this page

Digital skilting – Publiser oppslag frå A til Å

Vise nye publisistar korleis eit ferdig oppslag går frå skrivebordet ditt til infoskjermen

Av AVB
Publisert 24. apr. 2025

Lagre fila i rett format

KravDetaljar
Storleik1920 × 1080 pikslar (liggande)
FiltypeJPEG, PNG eller PDF
KontrastMinimum 4,5 : 1 mellom tekst og bakgrunn
Skrift≥ 24 punktar
Alt‑tekstLegg ei kort beskriving på bilete (for skjermlesar)
FilnamnInkluder initialar for å unngå duplikat, t.d. HF-AVIS‑23–05‑AB.jpg

Sjå meir detaljert rettleiing i «Digital Skilting – Last opp media».

Last opp fila

  1. Logg inn på https://uio.atea-signage.no/ContentManager/.
  2. Gå til Media → + New → Media upload.
  3. Klikk Add → vel fil → Open.
  4. Under Folder vel du mappa for ditt bygg eller kampanje.
  5. Klikk Upload og vent til status viser ✔.

Legg fil i speleliste

  1. Opne Playlists.
  2. Har du alt ei relevant speleliste?
  3. Klikk Add Media → kryss av fila du nett lasta opp → Add & Close.
  4. Dra fila til rett posisjon i lista om rekkefølgja er viktig.
  5. Lagre og lukk spelelista.

Knytt speleliste til kanal og tidsplan

  1. Gå til Channels → opne kanalen for skjermen din.
  2. Klikk View Schedule.
  3. New → Change playlist → vel spelelista.
  4. Sett dato og klokkeslett (t.d. gyldig i to veker, 06:00–22:00).
  5. Save.

Generer plan til avspelar (Player)

  1. Gå til Players.
  2. Hak av den aktuelle avspelaren.
  3. Vel Generate Plan for å sende endringa med ein gong.
  4. Kontroller at status er grøn.

Sjekk på fysisk skjerm

  1. Gå til skjermen.
  2. Verifiser at oppslaget:
    • viser med korrekt fargar og kontrast
    • fyller heile skjermen utan strekk eller svart kant
    • visast til rett tid (vent opptil 1 minutt etter plan).
  3. Om noko ser feil ut:

Feilsøkings‑snøggrettleiing

SymptomLøysing
Oppslag kjem ikkje oppSjekk at fila ligg i speleliste og at tidsplan er aktiv
Feil sidestolpe eller beskore bileteKontroller at fila er 1920 × 1080 pikslar
Skjermen er svartSjekk straum, nettverk og status på avspelaren

Relatert

Kontakt

Treng du hjelp eller vil melde feil? Leverandøren har døgnopen brukarstøtte og svarar oftast same arbeidsdag. Ha kundenummer 1002810 klart.

E-post: sos@atea.no  merk emnet «Digital signage»

Telefon: 03060  kvardager 8-16

Chat  kvardager 8-16 (ofte snøggast svar)

 

UiO har eit eige råd for digital skilting

digital-skilting@uio.no 

Her kan du spørje om det meste som gjeld tenesta. Her melder du òg ifrå om du treng å eskalere ei sak hos leverandøren

Emneord: digital, skilting, publisering, oppslag, infoskjerm, format, oppløysing, filtype, kontrast, skrift, alt‑tekst, filnamn, ContentManager, Media, upload, mappe, kampanje, speleliste, Playlists, rekkefølgje, kanal, tidsplan, Channels, dato, klokkeslett, Player, status, fargar, skjerm, opplasting, feil, feilsøking
Publisert 24. apr. 2025 17:09 - Sist endra 27. aug. 2026 15:23