Manntalsfiler i eValg

eValg treng manntalslister for å førehandsgodkjenne dei som stemmer. Dette får du som oftast frå personalavdelinga eller studieadministrasjonen.

Dette dokumentet beskriv handteringa av manntalsfiler i eValg. For detaljar om prosessen rundt manntal, sjå sidene Arrangere valg.

Importere manntalsfiler

eValg støtter import av manntalsfilene frå FS, ved at valadministrator laster inn fila i eValg. Sjå også veiledning for studentmanntal.

Frå HR-sida har UiO eit makrorekneark som rekner ut kva manntal ansatte er i. For å importere manntala til eValg har makroreknearket ein knapp for å eksportere manntalslistene til filer du kan laste inn i eValg. Du kan også produsere desse filene sjølv, enten manuelt eller ved å eksportere til CSV frå Excel.

Sjå veiledning for uttak av manntalslister (frå HR).

Produsere CSV-fil frå Excel

For å produsere ei fil som eValg kan lese, kan du eksportere/lagre fana i reknearket i CSV-format. Merk at person-identifikator (brukarnamn, Feide-ID eller fødselsnummer) må stå i første kolonna. eValg vil ignorere alt anna enn første kolonne.

Filformata som eValg støtter

eValg kan importere filer av typen:

  • Tekstfil (text/plain): Kvar linje i fila må berre bestå av ein person-id (brukarnamn, Feide-ID eller fødselsnummer).
  • CSV-fil (text/csv): Første elementet i kvar linje i CSV-fila må vere ein person-id (brukarnamn, Feide-ID eller fødselsnummer). Alle andre element i lista vert ignorert. Første linja kan innehalde titlar (header), slik FS returnerer ho.

Merk at alle identitetar i samme fila må vere av samme typen - brukarnamn, Feide-ID eller fødselsnummer. Alle filer må vere i UTF-8.

Dømer

Døme på ei enkel fil med brukarnamn:

olabob
karin
einkvan

Døme på ei fil frå FS:

FS.PERSON.BRUKERNAVN
olabob
karin
einkvan

Døme på ei fil frå FS med fleire kolonner (alt unntatt brukarnamn vert ignorert):

FS.PERSON.BRUKERNAVN||','||FS.STUDIEPROGRAM.FAKNR_STUDIEANSV
olabob, 13
karin, 15
einkvan, 13
Publisert 1. sep. 2019 07:46 - Sist endret 7. sep. 2021 09:42