I WebID kan kven som helst registrere seg og opprette sin eigen WebID-brukar. For at brukaren skal få tilgang til ei teneste må IT-avdelinga opprette ei WebID-gruppe og legge inn dei som skal samarbeide i denne gruppa. Deretter må gruppa gjes tilgang i den spesifikke tenesta.
Merk at det ikkje er alle tenester som støtter WebID.
Starten på eit samarbeid
Ein tenkt situasjon er at ein Feide-brukar vil samarbeide med nokre eksterne personar, men vil gjerne bruke eit arbeidsverktøy ved UiO som krever innlogging, til dømes Vortex. For å kunne samarbeide må da følgande utførast:
- Feide-brukaren ber dei eksterne personane lage seg ein WebID-brukar.
- Feide-brukaren søkjer om å opprette ei WebID-gruppe for samarbeidet, via dette søknadskjema. IT-avdelinga må legge inn WebID-brukarane i gruppa.
- Gruppa må få rettigheter i nettenesta den skal brukast i. Nokon som administrerer nettenesta må gjere dette. I Vortex kan gruppa til dømes få skriverett til eit område der samarbeidsdokumenta skal ligge. Merk at ei gruppe må innehalde medlem for at den skal vere synlig i dei ulike nettenestene.
Implementer WebID
Er du eigar av ei teneste og ønsker å ta i bruk WebID?
Les meir om implementering av WebID.
Ring oss
Vi har åpent mellom 08:30 og 17:00 på hverdager,
og mellom 10:00 og 15:00 på lørdager.
Telefonnummer: 22 84 00 04
Send inn sak til oss
Du kan sende inn din forespørsel via e-post til: it-hjelp@uio.no.
Gå til e-postBook et videomøte over Zoom
Er du student eller ansatt kan du avtale veiledningstime hos UiO Helpdesk over Zoom. Tilgjengelige tider er tirsdag til torsdag mellom 11:00 og 13:00.
Book et videomøte