For å få tilgang til nettenester ved UiO må du oppgje brukarnamn og passord. Tidlegare kunne dei som administrerer ei teneste berre gje tilgang til personar med Feide- eller UiO-brukarnamn og -passord. Med WebID kan også personar utan Feide- eller UiO-brukarnamn få tilgang. Slike eksterne personar kan for eksempel være forskarar ved utanlandske universitet som skal få opprette og redigere nettsider i Vortex ved UiO. Den eksterne personen får ein invitasjon om å opprette ein WebID-brukar, og denne brukaren kan administratoren ved UiO gje tilgang til på lik linje med UiO-brukarar.
Merk: Ikkje alle nettenester ved UiO har støtte for WebID.
Du treng ein WebID-brukar dersom:
- Du ikkje har ein brukarkonto ved Universitetet i Oslo.
- Du ikkje har ein brukarkonto ved ein institusjon som er med i Feide-samarbeidet.
- Tenesta du vil bruke har støtte for bruk av WebID.
Du treng ikkje ein WebID-brukar dersom:
- Du allereie har ein Feide- eller UiO-brukar. Du brukar denne om du skal opprette ei gruppe i WebID eller invitere andre til å opprette ein WebID-brukar.
Ring oss
Vi har åpent mellom 08:30 og 17:00 på hverdager,
og mellom 10:00 og 15:00 på lørdager.
Telefonnummer: 22 84 00 04
Send inn sak til oss
Du kan sende inn din forespørsel via e-post til: it-hjelp@uio.no.
Gå til e-postBook et videomøte over Zoom
Er du student eller ansatt kan du avtale veiledningstime hos UiO Helpdesk over Zoom. Tilgjengelige tider er tirsdag til torsdag mellom 11:00 og 13:00.
Book et videomøte