English version of this page

Samtykkeskjema og informasjonsskriv

Samtykkeskjema

Du må hente inn samtykke frå alle som er til stades under opptak, med mindre opptaket berre er av forelesar eller forelesar si stemme. Om samtykke ikkje er henta inn eller éin av personane ikkje samtykker til opptak av lyd og/eller bilde, kan ikkje opptaket gjennomførast.

Både elektronisk skjema og PDF-versjonen skal redigerast til ditt formål før distribusjon. Det vil seie at du kan legge til informasjon som er spesielt for akkurat denne opptakssituasjonen (som for eksempel kvar i lokalet ein kan bli filma), men at endringar i det juridiske ikkje skal gjerast.

Informasjonsskriv

Informasjonsskrivet skal brukast i samband med opptak og bruk av samtykkeskjema. Alle som skal skrive under samtykkeskjema skal vere kjent med innhaldet på dette skrivet. Det skal derfor hengast opp i aktuelt rom og/eller delast ut til deltakarane. 

Skrivet skal redigerast med omsyn til rom, emnekode, periode og kontaktinformasjon, og er difor lagt ut som ei word-fil.

Publisert 15. okt. 2015 10:19 - Sist endra 25. sep. 2017 13:36