Forelesar/arrangør

Om du skal ta opptak av ein forelesing, eit kurs eller eit seminar der du er forelesar, pliktar du å setje deg inn i UiO sitt regelverk for utføring og bruk av opptak, spesielt med omsyn til personvern.

Kva må eg gjere før opptak?

Kan eg ta opptak?

Ja, det kan du. Om du berre skal ta opptak av det som blir vist på skjerm og stemma til forelesar, kan du ta opptak utan samtykke frå deltakarane. Informer gjerne i forkant av forelesninga om at spørsmål kan takast i pausane, på e-post eller etter avtale.

Om opptakssituasjonen er slik at alle i rommet kan bli ein del av opptaket, anten ved stemme, bilde eller begge deler, må du ha samtykke frå alle deltakarane. Om det er éin person som ikkje gir samtykke, kan ikkje opptaket gjennomførast. Om mogleg, informer deltakarane om kvar i rommet kameraet vil filme slik at dei har moglegheita til å setje seg utanfor opptaksområdet.

Samtykkeerklæringar og informasjon om rettar

Du må henta inn samtykke frå alle som er til stades. Om samtykke ikkje er henta inn eller éin av personane ikkje samtykker til opptak av lyd og/eller bilde, kan ikkje opptaket gjennomførast.

Det at forelesar sjølv tar opp forelesinga kan sjåast på som eit samtykke fra han eller ho.

Opptak av lyd/og eller bilde tatt til eit bestemt føremål kan ikkje nyttast til eit anna føremål enn det som var avtalt på opptaktstidspunktet, utan at eit nytt samtykke er henta inn frå alle personar som var i rommet der opptaket fann stad.

Tilbaketrekking av samtykke kan skje når som helst og må skje skriftlig til ansvarleg eining.

Anonymt samtykke

Samtykke kan gis anonymt. For at dette skal gjelde, må talet på innleverte samtykkeerklæringar stemme overeins med talet på deltakarar. Om det manglar ein eller fleire samtykke i forhold til talet deltakarar, er det nokon som ikke har gitt samtykke og opptak kan difor ikkje takast.

Må eg be om samtykke på kvar forelesing, sjølv om det er dei same deltakarane?

Ved opptak som går over fleire gonger, der formålet er likt og deltakarane er dei same (f. eks forelesningsseriar, kursrekker og obligatorisk undervisning), vil eit samtykke innhenta frå deltakarane kunne gjelde for alle opptaka.

Informasjon om eigne rettar

Alle som er med på opptaket skal også vere informert om eigne rettar. Bruk gjerne informasjonsskrivet vi har lagt ut her. 

Utstyr og rom

Lokal IT veit kva eininga di eig av utstyr og kva rom som er eigna for opptak.

Skal du sjølv redigere lyd eller video du har tatt opp?

Kva gjer eg etter opptak?

Kvar kan eg lagre opptak?

Kvar det vert lagra er i utgangspunktet opp til forelesar, men det er mest hensiktsmessig å lagre opptaket på emnesida eller ei anna side som studentane eller publikum har enkel tilgang til.

Kor lenge kan eg lagre opptak?

Eit opptak skal slettast når opptaket ikkje lenger er fagleg relevant. Det betyr at opptaka må slettast når dei er å ansjå som fagleg utdaterte, med mindre vidare bevaring kan forsvarast av historisk verdi. Dette må vurderast konkret for kvar enkelt oppta/opptaksserie og av kvar enkelt forelesar, kurshaldar etc.

Eksempel på ulike situasjonar

Om ein person ikkje vil gi samtykke

Om nokon ikkje gir samtykke, anonymt eller ikkje, kan ikkje opptak takast.

Hugs å opplyse om kva som blir tatt opp og kvar i rommet ein kan opphalde seg om ein ikkje vil vere med på opptak. Ein kan òg be om at spørsmål blir stilt i pause, då opptaket er slått av. Om ein opplyser godt nok på førehand, kan dette bidra til at fleire vel å samtykke.

Om nokon vil trekke tilbake samtykke

Om nokon vil trekke tilbake samtykke, må du be vedkommande om å gi skriftleg beskjed til ansvarleg eining. Når dette er gjort, skal opptak som involverer denne personen, fjernast frå nettstaden det er publisert på.

Om ein student vil ta opptak

Studentar kan òg ta opptak, men det er ikkje tillatt å gjere opptak på eige initiativ, som deltakar på eit arrangement i UiO sin regi, utan at det er avklart med den ansvarlege einheiten for arrangementet. Opptaket kan kun brukast til privat bruk og ikkje publiserast. Skal det publiserast, gjeld dei same reglane for studentar som for forelesarar: dei må ha samtykke frå deltakarane. Om dei ikkje får samtykke frå alle deltakarane, kan dei ikkje publisere opptaket.

Om ein student ikkje motset seg opptak, men vil ikkje bli vist på video

Sjekk vinkelen på kamera. Som regel vil kameraet vere vendt mot forelesar og vil ikkje filme bak ei viss rad. Sjekk dette og gi beskjed til studentane kvar dei må sitje for å unngå å bli filma. Oppmod dei gjerne om å stille spørsmål i pausane eller på e-post.

Om dei same deltakarane skal følgje ei forelesningsrekke

Ved opptak som går over fleire gonger, der formålet er likt og deltakarane er dei same (f. eks forelesningsseriar, kursrekker og obligatorisk undervisning), vil eit samtykke innhenta frå deltakarane kunne gjelde for alle opptaka.

Publisert 7. okt. 2015 08:16 - Sist endra 25. okt. 2018 11:19