English version of this page

Klage på karakter

Du bør be om grunngjeving for karakteren før du bestemmer deg for å klage.

Kva eksamenar kan du klage på?

  • Du kan klage på karakteren på alle skriftlege eksamenar.
  • Munnlege eller praktiske eksamenar kan ikkje påklagast når prestasjonen ikkje er dokumentert for ettertida.
  • På gruppeeksamenar (to eller fleire studentar) kan deltakarane klage individuelt. Ei eventuell endring i karakteren vil gjelde berre for den som har klaga.

Resultatet frå klagesensuren blir den endelege karakteren og kan vere det same, betre eller dårlegare enn den opphavlege sensuren.

Frist

Tre veker etter at karakteren vart kunngjort (det vil seie publisert i Studentweb).

Dersom du først har bede om grunngjeving for karakteren eller klaga over formelle feil ved eksamen, gjeld fristen frå det tidspunktet du får svar.

Behandlingstid

Klager blir vanlegvis behandla innan ein månad. Dersom det tek lenger tid, får du melding om dette. Når resultatet er klart, får du e-post om at du kan sjå resultatet i Studentweb.

Korleis klage

Du klager på karakteren din i Studentweb. Logg på Studentweb, gå til siden "Begrunnelse og klage" og følg instruksjonene der.

Logg på Studentweb

Slik blir klagen behandla

Fakultetet tek imot klagen. 

Eksamenssvaret ditt blir vurdert av to nye sensorar. Minst éin av dei nye sensorane er ekstern, det vil seie at vedkomande ikkje er tilsett ved UiO.

Dei nye sensorane får tilsendt eksamenssvaret ditt, oppgåveteksten og eventuelle generelle retningslinjer for sensuren. Dei får ikkje tilsendt den opphavlege karakteren din eller sensor si grunngjeving for denne.

Dersom den nye sensuren skil seg frå den opphavlege sensuren med to eller fleire karakterar, vil UiO gjere ei ekstra vurdering før endeleg karakter vert fastsett. 

Ved den ekstra vurderinga får sensorane vite den opphavlege karakteren og den mellombelse klagesensuren, og dei får tilgang til all informasjon om eksamenen. Den ekstra vurderinga blir gjort av minst to sensorar der både den opphavlege kommisjonen og klagekommisjonen er representert. 

Medan klagesensuren pågår vert eksamenskarakteren din sperra i Studentweb og på karakterutskrifter.

Du har rett til å trekkje klagen din inntil saken er avgjort. Dersom du trekkjer klagen, beheld du det opphavlege resultatet.

Grunngjeving for klagesensur

Du kan be om grunngjeving for klagesensur, men ikkje klage på resultatet.

Fristen for å be om grunngjeving er innan ei veke frå du fekk kjennskap til karakteren, men likevel ikkje meir enn tre veker frå karakteren vart kunngjort. 

For å be om grunngjeving for klagesensuren må du kontakte eininga som tilbyr emnet. Du finn kontaktpunktet i høgremargen på emnesida.

Spørsmål?

 

Publisert 16. aug. 2016 12:07 - Sist endra 29. feb. 2024 13:23