Søkje på grunnstudium

Du søkjer på bachelorprogram, årseiningar, femårige masterprogram og seksårige profesjonsutdanningar gjennom Samordna opptak. For å få opptak må du vere kvalifisert, og i tillegg nå opp i rangeringa til studiet.

Søknadsfrist

Hovudfristen for å søkje er 15. april, men visse søkjargrupper må søkje innan 1. mars (samordnaopptak.no).

Slik søkjer du

Hos Samordna opptak:

  • søkjer du i nettsøknad (frå 1. februar)
  • finn du meir informasjon om fristar, krav, framgangsmåte og poengberekning

Gå til Samordna opptak

Opptakskrav

For å bli student ved UiO må du ha generell studiekompetanse. På nokre studieprogram er det i tillegg krav til bestemte fag frå vidaregåande skule, spesielle opptakskrav. Søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søkje om opptak på bakgrunn av realkompetanse.

Kontroll av originaldokumentasjon

Når du søkjer om opptak til grunnstudium ved UiO, er du sjølv ansvarleg for at dokumentasjonen du sender inn er rett. Urette eller misvisande opplysningar kan føre til at du mistar studieretten din, jf. § 7 i Forskrift om studier og eksamener ved UiO.

I løpet av fyrste semester vil UiO be eit tilfeldig utval av søkjarar som er tekne opp om å leggje fram originale vitnemål og attestar. Forfalskingar blir ramma av Straffelova, §182 og vil alltid bli meldt til politiet.

Rangering

Grunnstudia ved UiO er adgangsregulerte med opptak ein gong i året. Kvalifiserte søkjarar blir rangerte etter poeng. Rangeringsreglane er fastsette i forskrift om opptak til høgre utdanning (lovdata.no). Kvalifiserte søkjarar som ikkje kan bli poengberekna, blir rangerte i forhold til poengberekna søkjarar ved hjelp av ei skjønnsmessig vurdering, jf. § 7-12 i forskrift om opptak til høyere utdanning.

Samordna opptak informerer om korleis du kan rekne ut poenga dine (samordnaopptak.no).

Har du utdanning frå utlandet, men bur i Noreg?

Søkjarar med permanent eller fornybart opphaldsløyve i Noreg søkjer gjennom Samordna opptak. Framgangsmåte og opptakskrav (engelsk).

Internasjonale søkjarar

Ikkje-nordiske søkjarar utan permanent eller fornybart opphaldsløyve har eigne opptak utanom Samordna opptak. Informasjon om fristar, opptakskrav og søknadsprosedyrer finn du på nettsida for internasjonale studentar.

Kontakt

Knutepunktet - sentralt studentinformasjonssenter

Publisert 12. mai 2010 11:02 - Sist endra 17. jan. 2017 14:57