Slik får du realkompetanse

Har du ikkje generell studiekompetanse og fyller 25 år eller meir i opptaksåret, kan du søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Kvar enkelt lærestad avgjer kva som gir realkompetanse til deira studium. Same type studium kan difor ha ulike krav til realkompetanse, slik at vurdering ved ein lærestad ikkje gjeld ved andre lærestader.

Krav til realkompetanse ved UiO

Krava gjeld både for søknad om opptak til studieprogram, enkeltemne og i dei lokale opptaka.

Norsk og engelsk

Du må dokumentere kunnskapar i norsk (eller eit anna nordisk språk) tilsvarande tredjeklassenivå og kunnskapar i engelsk tilsvarande førsteklassenivå frå vidaregåande skule, studieførebuande utdanningsprogram. Normalt blir norsk og engelsk dokumentert med faga frå videregåande skule, ført på kompetansebevis.

Søkjarar med utdanning frå land utanfor Norden må dokumentere kunnskapar i norsk og engelsk tilsvarande krava for tilkjenning av generell studiekompetanse på grunnlag av utdanning frå land utanfor Norden.

Tilleggskrav

Dei forskjellige studieprogramma og emna kan også ha andre krav til realkompetansesøkjarar. Sjå oversikt over tilleggskrava.

Praksis

Du må dokumentere minimum fem års fulltids praksis, eller ein kombinasjon av praksis og utdanning. For søkjarar med særleg relevant praksis eller utdanning kan ein gjere unntak frå 5-årskravet. Søkjarar som ikkje har hatt høve til å gjennomføre praksis (til dømes på grunn av sjukdom eller liknande) kan søkje om unntak frå 5-årskravet.

Du dokumenterer arbeidspraksis med attest der varigheita og omfanget (i timar per veke eller stillingsprosent) av arbeidet går fram.

Søknad gjennom Samordna opptak

Søkjarar som blir funne kvalifisert på grunnlag av realkompetanse blir rangert ved hjelp av ei individuell skjønnsmessig vurdering. Det vil seie at viss du blir kvalifisert, må du i tillegg nå opp i konkurransen for å få tilbod om studieplass. Meir informasjon om opptak til grunnstudier på grunnlag av realkompetanse og individuell vurdering (samordnaopptak.no)

Ved rangering til studium ved UiO vert det lagt vekt på følgjande, i prioritert rekkefølgje:

  • Dokumenterte kunnskapar og kvalifikasjonar, inkludert kunnskapar i norsk, engelsk og eventuelle andre fag
  • Omfang og relevans av praksis
  • Motivasjon for å søkje studiet

Motivasjonsbrev

Søkjer du gjennom Samordna opptak, lastar du også opp brev der du skildrar motivasjonen for studieprogrammet du søkjer på.

Søknad om å bli enkeltemnestudent

Ønskjer du å vere enkeltemnestudent ved Universitetet i Oslo, må du bli vurdert for alle emna du ønskjer å ta. Du må søkje innan fristen og oppgi emna du vil ta på eit eige skjema.

Publisert 26. apr. 2010 13:36 - Sist endra 3. nov. 2022 13:13