Livsvitskapsbygget: Forprosjektet er i gang

1. september starta forprosjektet for livsvitskapsbygget ved UiO. Det vart markert med oppstartsseminar for Statsbygg, arkitektar og UiO sine brukargrupper i byggeprosjektet.

Studentar på livsvitskapstomta

Framtidas forskarar ser fram til nytt livsvitskapsbygg. Her luftmikroskoperer og -pipetterer dei på tomta i Gaustadbekkdalen der bygget skal ligge. Frå venstre Henrik Andersson Sveinsson, Julie Sørlie Paus-Knudsen, Milad Hobbi Mobarhan og Heidrun Elisabeth Lode. Foto: Norunn K. Torheim

Om livsvitskapsbygget

  • skal støtte opp under universitetet sitt mål om å utvikle eit leiande universitet innan livsvitskap
  • vil vere på 66 700 m2 og vil bli Noreg sitt største enkeltståande universitetsbygg
  • vil vere arbeidsplass for om lag 1000 tilsette og 1600 studentar
  • skal ha lokale for forsking og undervisning innan livsvitskap, kjemi og farmasi
  • skal ha fleksible løysingar slik at det kan tilpassast utviklinga innan forsking, innovasjon og utdanning
  • er teikna av Ratio Arkitekter AS og deira prosjekteringsgruppe som vann plan- og designkonkurransen for bygget i 2014 med sitt prosjekt VEV
  • er planlagt å stå ferdig ca. i 2022

Les meir om bygget her på uio.no.
Les meir om bygget på nettsidene til Statsbygg som er byggherre.

Om satsinga

Livsvitskap er UiO si største satsing nokon gong.

Les meir om satsinga.

Grunnlaget for forprosjektet for livsvitskapsbygget er det reviderte skisseprosjektet Statsbygg, arkitektane og UiO har arbeidd med sidan juni. I prosjektrådsmøte 26. august ga Kunnskapsdepartementet klarsignal for å starte forprosjektet 1. september.

– Dette er ein stor milestolpe i prosjektet, og vi er glade for at departementet har bedt om at prosjektet går over i forprosjektfase i samsvar med tidsplanen, seier Geir Solheim som er UiO sin prosjektleiar for byggeprosjektet.

Sjå tidslinje for bygget.

Høg møteaktivitet i haust

I heile haust skal Statsbygg, arkitektar og UiO sine brukargrupper for livsvitskapsbygget møtast jamleg. Dei skal arbeide seg gradvis inn mot dei enkelte romma i bygget for å bli einige om kva utstyr kvart rom må vere tilpassa og kva som er optimal innbyrdes plassering av romma. Dei må blant anna bestemme korleis laboratorium med store ventilasjonskrav skal fordelast utover i bygget. Dei må òg jobbe med å få til eit mottaksområde som innbyr til aktiv bruk.

Statsbygg og arkitektane understreka på oppstartsseminaret at det er viktig å ikkje lage skreddarsaum tilpassa verda slik den ser ut i dag. Ein må altså vere konkrete, men generelle nok til at bygget dekker dei behova ein vil ha både når det er klart og utover i brukstida.

Styret for livsvitskapssatsinga premissleverandør

Òg styret for livsvitskapssatsinga ved UiO skal gi tilbakemeldingar og vere premissleverandør for aktiviteten i bygget.

– Ei av utfordringane er at ein del av forskings-, utdannings- og innovasjonsaktiviteten som skal inn i bygget, verken er byrja eller tenkt på, så det er eit spenn mellom det å vere konkret og det å ha fleksibilitet, seier viserektor ved UiO, Knut Fægri. Han er representant for leiinga både i byggeprosjektet og i styret for UiO si livsvitskapssatsing.

Leiar av Studentparlamentet ved UiO, Julie Sørlie Paus-Knudsen, er studentrepresentant i både byggeprosjektet og styret for UiO si livsskapssatsing. Ho er svært fornøgd med at utdanningsdelen er ein viktig del av satsinga, og at studentar etter kvart kan få høgare kompetanse i tverrfagleg samarbeid og innovasjon i studieløpet som følge av satsinga. Ho ser fram til å få eit bygg som legg til rette for dette.

Kvalitetssikringsfase neste haust

Statsbygg skal levere ferdig forprosjekt til Kunnskapsdepartementet sommaren 2016. Etter det skal prosjektet inn i ein kvalitetssikringsfase i tråd med kvalitetssikringsordninga for store offentlege prosjekt.

Livsviteskapsbygget
Livsvitskapsbygget skal ha undervisninglokale på plan 1 og 2, kontor og laboratorium på plan 3 og 4, teknisk etasje på plan 5 og kontor/laboratorium i tårnetasjane. Plan 1 skal òg ha velkomstområde, kantine og bibliotek/læringssenter.

 

Av Norunn K. Torheim
Publisert 4. sep. 2015 13:24 - Sist endra 22. mai 2016 13:35