Rådgivande leiargruppe for UiO:Livsvitenskap på plass

Ei nyoppretta rådgivande leiargruppa skal sørge for at direktøren for UiO:Livsvitenskap får innspel frå personar med ulike synspunkt og erfaringar i det vidare arbeidet med satsinga. Direktør Finn-Eirik Johansen har handplukka medlemmane til den nye rådgivande leiargruppa som hadde første møte 10. juni.

Finn-Eirik Johansen

– Kompetansen i den rådgivande leiargruppa skal dekke fagstrategien for satsinga så godt som mogleg utan at gruppa blir for stor. Det er viktig å få ei gruppe som tenker heilskapleg på satsinga. Medlemmane skal ikkje slåst for interessene for si eining, men løfte blikket og finne nokre felles mål for satsinga, seier Johansen.

Innspel til vidare prosess for å etablere konvergensmiljø

Den første oppgåva gruppa går i gang med, er å gi innspel til den vidare prosessen med å etablere konvergensmiljø – tverrfaglege forskingsgrupper. Her er satsinga midt i ein runde med innleiande informasjons- og dialogmøte ved alle institutta/fakulteta ved UiO. Planen er å fortsetje med workshopar der forskarar skal møtast på tvers av fagdisiplinane. Deretter kan dei som ønskjer å jobbe saman, søke om økonomisk støtte til konvergensmiljø som vil få 3–4 stipendiatstillingar kvar. Les meir om møta og foreløpige planar for vidare prosess. Meir informasjon kjem etter 21. juni når alle møta er gjennomførte, og den rådgivande leiargruppa har kome med innspel til prosessen.

Medlemmar i den rådgivande leiargruppa

Helge JordheimHelge Jordheim
professor, Institutt for kulturstudier og orientalske språk (IKOS), Det humanistiske fakultet

Pål Kraft

Pål Kraft
instituttleiar, Psykologisk institutt (PSI), Det samfunnsvitskaplege fakultet

Inger Sandlie

Inger Sandlie
professor, Institutt for biovitskap (IBV), Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, og Senter for immunregulering (CIR), UiO/Oslo universitetssykehus

Anne Maria Eikeset

Anne Maria Eikeset
forskar, Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES), Institutt for biovitenskap (IBV), Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Anders Malthe-Sørenssen

Anders Malthe-Sørenssen
professor, Fysisk institutt (FI), Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Arne Klungland

Arne Klungland
professor II, Institutt for medisinske basalfag (IMB), Det medisinske fakultet, og seksjonsleiar for forsking og gruppeleiar, Oslo universitetssykehus

Hanne Flinstad  HarboHanne Flinstad Harbo
professor, Institutt for klinisk medisin (Klinmed), Det medisinske fakultet, og gruppeleiar UiO/Oslo universitetssykehus

Eivind Engebretsen

Eivind Engebretsen
professor Institutt for helse og samfunn (Helsam), Det medisinske fakultet

Frå satsinga møter kommunikasjonsrådgivar og administrativ leiar i tillegg til direktør.

Av Norunn K. Torheim
Publisert 13. juni 2016 13:48 - Sist endra 1. aug. 2023 10:50