English version of this page

Vitnemål for fritt samansett bachelorgrad

Du kan søkje om ein fritt samansett bachelorgrad for kombinasjonar av utdanning på til saman tre år (180 studiepoeng). Saman med vitnemålet får du eit vitnemålstillegg på engelsk, Diploma Supplement.

Kva må graden innehalde?

Examen philosophicum / examen facultatum

  • Alle gradene skal innehalde examen philosophicum (10 studiepoeng).
  • Dersom emnegruppa med minst 80 studiepoeng er i kultur- og samfunnsfag, skal graden også innehalde examen facultatum (10 studiepoeng).
  • Dersom emnegruppa med minst 80 studiepoeng er i realfag, treng du ikkje examen facultatum i graden.

Emnegruppe med minst 80 studiepoeng (fordjuping)

  • Den faglege fordjupinga må vere ei emnegruppe med til saman minst 80 studiepoeng.
  • Fakultetet fastset krava til emnegruppene som kan inngå. Sjå liste over emnegrupper ved UiO. 
  • Det er fastsett eigne krav for studentar med fordjuping i rettsvitskap, psykologi eller samfunnsøkonomi.
  • Eldre fordjupingar/emnegrupper som ikke står på nettsidene kan i nokre tilfelle også brukast. Har du til dømes fullført eit tidlegare mellomfag (90 studiepoeng), kan dette dekkje kravet til 80-gruppe.
  • Gradstittelen blir avgjort av den faglege fordjupinga, den blir enten "Bachelor i kultur- og samfunnsfag" eller "Bachelor i realfag".

Emnegruppe med minst 40 studiepoeng (støttegruppe)

  • Du kan bruke alle 40-grupper frå heile UiO. Støttegruppa må ordinært vere innanfor eit anna fagområde enn fordjupinga.
  • Fakultetet fastset krava til emnegruppene som kan inngå. Sjå liste over emnegrupper ved UiO.
  • Har du fullført eit tidlegare grunnfag, ei årseining eller tilsvarande, kan dette dekkje kravet til 40-gruppe.

Valfrie emne

  • Graden kan innehalde inntil 40 studiepoeng valfrie emne. Dersom det ikkje er krav examen facultatum, kan graden innehalde inntil 50 studiepoeng valfrie emne.
  • Dersom dei andre komponentane i graden er større enn det kravet tilseier, blir kravet til valfrie emne redusert tilsvarande.

Krav til antall studiepoeng avlagt ved UiO

For å få ein bachelorgrad frå UiO, må minst 60 studiepoeng i graden vere avlagt her. Utover dette kan du søkje om godkjenning av utdanning frå andre institusjonar.

Studentar som har utdanning frå fleire institusjonar bør undersøkje krava til bachelorgrad også ved dei andre institusjonane.

Dersom du allereie har ein bachelorgrad frå UiO, må den nye graden innehalde minst 60 nye studiepoeng, og den må ha ei anna fordjuping enn den tidlegare graden. Dei 60 nye studiepoenga kan inngå i den nye fordjupinga eller på andre måtar.

Diploma supplement

Saman med vitnemålet får du eit vitnemålstillegg på engelsk. Tillegget følgjer ein europeisk standard og inneheld mellom anna ei forklaring av det norske utdanningssystemet.

Studentar som fekk vitnemål før ein tok til å leggje ved diploma supplement, kan bestille dette særskilt: skjema på bokmål / skjema på nynorsk.

Send søknad

Spørsmål?

Kontakt studieinformasjonssenteret på fakultetet.

 

Publisert 23. nov. 2016 13:35 - Sist endret 27. okt. 2017 13:44