Informasjon om obligatorisk utveksling og søknadsprosessen

I fjerde semester av bachelorgraden i Midtøsten-studium reiser du på eit obligatorisk utanlandsopphald til eit arabisktalande land.

Om utanlandsopphaldet

Opphaldet er ein del av ARA2010 – Arabisk D og vil gi deg eit stort språkleg utbytte, samt moglegheita til å koma tett på kvardagen i landet.

Instituttet har samarbeidsavtale med to språkskular:

Gjennom desse avtalane får du som student på Midtausten-studium med arabisk skreddarsydd språkundervisning av høg kvalitet. 

Om språkskulane

Studieopphaldet ved Qasid våren 2026

  • Undervisning: Ca. 10. januar til 30. mai
  • Du må kome 4-5 dager før undervisningen startar.
  • Orienteringsmøte: Ikke bestemt
  • Akademisk kalender Qasid 2026

Studieopphaldet ved TAFL Center våren 2026

  • Undervisning ca. 10. januar til 1. juni
  • Du må kome 4-5 dager før undervisningen startar.
  • Placement test: Ikke bestemt
  • Orienteringsmøte: Ikke bestemt
  • Akademisk kalender TAFL Center 2026

Etter at du har fått opptak ved ein av språkskulane, vil språkskulen senda deg meir detaljert informasjon om undervisningstilbodet.

Opptakskrav

For å reise på utveksling gjennom ARA2010 – Arabisk D må du:

Obligatorisk aktivitet

For å kunna halda fram på ARA2010 – Arabisk D påfølgande haustsemester, må du:

  • Delta på undervisninga ved språkskulen
  • Bestå interne prøvar ved språkskulen

Søknadsfristar

  • Frist for å søkja om utveksling via nettskjema til instituttet.
    • 30. september kl 12.00
  • Etter at sensuren i ARA1030 – Arabisk C er klar, vil du motta eit nytt nettskjema for utanlandsopphald via e-post. Fristen for å fylla ut skjemaet blir oppgitt i e-posten. Du må overhalda denne fristen for å kunna søkja stønad frå Lånekassen.
  • I desember vil Zehad holde et QA møte.

Andre viktige registreringar

Etter at du har fått bekrefta at du har fått opptak ved språkskulen, må du gjera følgande viktige registreringar:

Studentar som skal reise til Egypt eller Jordan må i tillegg

Visumsøknad

I både Egypt og Jordan må studentar med norsk pass ha visum for opphald. Du kan kjøpa eit visum som varar i éin månad når du kjem på flyplassen i Jordan eller Egypt. Begge språkskulane hjelper til med å få forlenga desse visuma.

Pass på gyldigheitsdatoen på passet ditt! I begge landa må passet ditt vera gyldig i minst seks månadar etter opphaldet sin slutt.

Viss du nyttar eit pass av ein anna nasjonalitet enn norsk, må du sjølv undersøka visumkrava.

Les meir på følgande sider:

Skulepengar, finansiering og andre utgifter

Søknad til Lånekassen

Lånekassen gir stønad til opphaldet etter gjeldande reglar. 

Når du har bestått ARA1030 – Arabisk C, kan instituttet rapportere elektronisk til Lånekassen at du skal på utveksling.

Du får ein e-post med eit nettskjema, her skal du oppgi nøyaktige utreise- og innreisedatoar.

Me stadfestar når rapporteringa til Lånekassen er klar. Vent med å søkja stønad frå Lånekassen til du får e-post av studiekonsulenten om at alt er klart. 

Signer gjeldsbrevet frå Lånekassen elektronisk for å få pengane raskare på konto og hugs å last opp opptaksbrevet frå språkskulen i utlandet saman med søknaden.

Skulepengar

Du får ein e-post frå studiekonsulenten med stadfesting på opptak til språkskulen. Denne inneheld nøyaktig informasjon om skulepengane.

Du må sjølv betala skulepengane til språkskulen. Språkskulen gir deg informasjon om korleis skulepengane skal bli betalt.

Skulepengar for våren 2026:

  • Skulepengar ved Qasid: $3235 (USD)
  • Skulepengar ved TAFL Center: $2900 (USD). 

Utgifter i løpet av utanlandsopphaldet

  • Skulepengar
  • Reise tur/retur
  • Transport tur/retur flyplassane
  • Bustad og kost
  • Lokal transport
  • Bøker, papir og anna rekvisita
  • Reiseforsikring (inkludert sjukeforsikring)
  • Visum og eventuelle andre kostnadar ved reisedokument
  • Diverse: Mobilutgifter, gebyr for kontantuttak i utlandet m.m.

Reise

Du må sjølv sørga for å bestilla reise tur/retur. Det blir fort fullt, så bestill flybillett i god tid!

Pass på at opphaldet ditt ikkje overskrider visumperioden.

Transport tur/retur flyplass i utlandet er ditt ansvar, men du kan ta kontakt med språkskulen slik at dei arrangerer transport frå flyplassen for deg. Viss du likevel vel å ordna med transport sjølv, pass på at du nyttar offisielle drosjeselskap – ikkje piratdrosjar.

Forsikring

Du er sjølv ansvarleg for å ordna med naudsynte forsikringar. Pass på at du har ein reiseforsikring som dekker heile utanlandsopphaldet. Sjå ttil dømes studentforsikringa til ANSA eller rådfør deg med forsikringsselskapet ditt. Sørg for at forsikringa også dekker psykisk sjukdom.

Sett deg grundig inn i kva rettar du har viss du får behov for helsetenester under studieopphaldet i Jordan eller Egypt. Les detaljert informasjon om dette på helsenorge.no. 

Vaksiner

Du må sjølv undersøka kva vaksiner som er naudsynte. Nokre vaksiner (til dømes Havrix) skal bli tekne i fleire omgangar, så ver ute i god tid. Les meir på Folkehelseinstituttet si heimeside.

Bustad i Jordan (Qasid) og Egypt (TAFL Center)

Både Qasid og TAFL Center er behjelpelege med å skaffa bustad. Du er likevel sjølv ansvarleg for å inngå sjølve avtalen med utleigar når kontakten er formidla.

Kontakt ved Qasid og TAFL Center

Begge språkskulane har kontaktpersonar for deg som student:

Qasid, Jordan

TAFL Center, Egypt

Du finn god og nyttig informasjon på nettsidene til Den Norske Ambassaden i Jordan og Den Norske Ambassaden i Egypt.

Guidebøker (til dømes Lonely Planet eller Rough Guide) har også gjerne oversikt over nyttige adresser til til dømes gode sjukehus.

Sjå også Utanriksdepartementet sine landssider, som gir detaljert informasjon og reiseråd om landet du søker opp.

Kontakt ved UiO

Publisert 5. nov. 2019 11:23 - Sist endret 24. nov. 2025 09:27