Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Innføring i walisisk språk som byggjer på forkunnskapar i irsk eller svært gode generelle språkkunnskapar. Emnet er med ei intensiv innføring i walisisk syntaks og morfologi og uttale samt studiet av enkle walisiske tekstar.

Kva lærer du?

Studentane skal vere fortrulege med dei grunnleggjande trekka i det walisiske språksystemet og vere i stand til å lese enkle tekstar på walisisk.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Den nedre grensa for deltakarar er relativ i forhold til andre emne på dette nivået i studieløpet. Øvre grense på 15 studentar.

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot IRSK4120 – Walisisk for språkstudenter (nedlagt)

Undervisning

42 timer undervisning: Fire timar undervisning kvar veke i 12 veker med einskilde undervisningsfrie veker til oppgåveskriving.

Undervisninga er lukka og reservert studentar med opptak til emnet.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

To obligatoriske oppgåver skal leverast inn til fastsette tider undervegs i semesteret. Disse må godkjennast for at studenten skal kunne avleggje eksamen i form av ein 4-timars skriftleg eksamen som dannar grunnlag for karakteren.

Hjelpemiddel

Ordbok tillatt.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk evalueringsrapport vår 2010

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Bachelor
Undervisning
Vår 2010
Eksamen

Samme semester som det gis undervisning.

Undervisningsspråk
Norsk