ISL4101 – Islandsk 4 , fordjuping i moderne islandsk språk

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

ISL4101 er ein utvida versjon av emnet ISL4100 – Islandsk 2, fordjuping i moderne islandsk språk.

Emnet er ei fordjuping i islandsk grammatikk, særleg syntaks, og lesing av lettare litterære tekster, særleg noveller og dikt, med innføring i islandsk litteraturhistorie og moderne islandsk kultur knytt til tekstgjennomgåing. Innenfor emnet skal kvar student velja eit spesialområde til fordjuping.

Pensum: sjå emnesida for det semesteret emnet blir undervist. Pensum til spesialområdet kjem i tillegg.

Kva lærer du?

Studenten blir i stand til å omsetja og analysera kjende tekster av normal vanskegrad både morfologisk og syntaktisk og setja dei inn i ein kulturell samanheng. Innanfor det valde spesialområdet skal studenten ha særleg grundige kunnskapar.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Opptak til Språkprogrammet, studieretningane for nordisk, særleg norsk, språkvitskap eller norrøn filologi. Studentane må ha tatt ISL1100 – Islandsk 1, innføring i moderne islandsk språk eller ha tilsvarande kunnskapar.

Anbefalte forkunnskapar

Det er ein føremon å ha teke lingvistikkvarianten av examen facultatum.

Undervisning

Seminar med 2 timar i veka i 15 veker, inkludert leseveker. To kvalifiseringsoppgåver skal vera godkjende av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen. Den eine oppgåva, ein analyse på ca. 8000 utan mellomrom (3-4 sider) av ei oppgjeven tekst, vert gjennomgått i undervisninga omkring midten av semesteret. Den andre, på ca. 15.000 teikn med mellomrom (6-7 sider), er ei øving i omsetjing under rettleiing, av ei sjølvvald tekst som faglærar godkjenner.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen består av ei semesteroppgåve på ca. 23.000 teikn utan mellomrom (10 sider). Tema for semesteroppgåva tek utgangspunkt i pensum og blir fastsett av student og faglærar i samarbeid seinast midt i semesteret. Målform: bokmål eller nynorsk. Oppgåva skal leverast innan fastsett dato i slutten av semesteret og blir vurdert med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Anna

Emnet passar i Språkprogrammet, studieretningane for nordisk, særleg norsk, språkvitskap og norrøn filologi.

Fakta om emnet

Studiepoeng
20
Undervisning
Kvar haust
Eksamen
Kvar haust
Undervisningsspråk

Skandinavisk (norsk, svensk og/eller dansk)