Dette emnet er nedlagt

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Emnet gjev ei grundig innføring i korleis den historiske dimensjonen i namnestoffet kan utnyttast, med særleg vekt på kjeldekritikk, namnevitskapleg metode og datering.

Hovudvekta ligg på studiet av dei store gardsnamnklassane og eldre personnamn gjennom ei språkleg, kronologisk og geografisk tilnærming.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • kjenne til og nytte dei viktigaste kjeldene til eldre norske personnamn og bustadnamn
  • gjere greie for dei viktigaste norske bustadnamntypane med omsyn til tyding, alder og utbreiing
  • gjere greie for korleis norske namn er bygde opp og kva som skil dei frå andre ord
  • gjere greie for utviklinga av norsk personnamnskikk
    Endeleg karakter syner i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot NAVN4161 – Namn i historisk perspektiv (nedlagt)

Undervisning

28 timar seminarundervisning. Ei skriftleg kvalifiseringsoppgåve på 10-11 000 teikn (ca. 5 sider) skal vere godkjend av faglærar før eksamen.

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ei munnleg prøve i slutten av semesteret som blir vurdert med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk evaluering av emner ved ILN

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Undervisningsspråk

Skandinavisk (norsk, svensk og/eller dansk)