Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet legg hovudvekta på felttoget i 1939-1940, Vichy-regimet (1940-1944) og samarbeidspolitikken det stod for, heimefronten (la Résistance) og utefronten (la France libre), frigjeringa (1944-1945), rettsoppgjeret og dei utfordringane det frigjorde Frankrike stod ovanfor.

Kva lærer du?

Studentane skal få innsikt i kvifor Frankrike vart knust militært og okkupert i 1940, kva Vichy-regimet stod for, kvifor og korleis heimefront og utefront voks fram, kva for rolle Frankrike spela i sluttfasen i krigen ved sida av dei allierte, kva som særpregar det franske rettsoppgjeret og starten på attreisingsarbeidet.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Ved for få påmeldte studenter avlyses undervisning og eksamen i emnet.

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot FRA4511 – Frankrike og andre verdskrig (nedlagt)

Undervisning

Ein dobbelttime i veka (førelesingar og/eller seminar) i fjorten veker. Det blir sett av undervisningsfrie periodar til oppgåveskriving.

Innlevering av ei oppgåve på 3-4 normalsider (à 2300 teikn) som byggjer på individuelt pensum, og som skal godkjennast av læraren.

Eksamen

Heimeeksamen (3 arbeidsdagar) som byggjer på fellespensum. Du skal skrive minimum 6 sider (à 2300 teikn) og maksimum 10 sider ((à 2300 teikn).

Eksamen går føre seg i Fronter: http://www.uio.no/studier/emner/hf/ilos/eksamensinstruks.html

Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.

Tidlegare gjevne eksamensoppgåver finn du her: http://www.uio.no/studier/emner/hf/ilos/FRA2508/Eksamensoppgaver/Eksamensoppgaver.xml

Eksamensspråk

Fransk

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Godkjenning av obligatorisk aktivitet er gyldig i dei to neste semestera emnet blir gitt.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding fra studentene våre er avgjørende for at vi skal kunne tilby best mulig undervisning. Som student ved UiO blir du bedt om å delta i ulike typer evaluering av studiehverdagen din. Hver gang et emne gis ber vi studentene delta i underveisevaluering, og med jevne mellomrom ber vi dem delta i en såkalt "periodisk evaluering" av emnet.

Rapporter fra periodiske evalueringer

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Bachelor
Undervisning
Haust 2013
Haust 2011
Vår 2009

Uregelmessig

Eksamen
Haust 2013
Haust 2011
Vår 2009
Undervisningsspråk

Fransk