Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet legg hovudvekta på felttoget i 1939-1940, Vichy-regimet (1940-1944) og samarbeidspolitikken det stod for, heimefronten (la Résistance) og utefronten (la France libre), frigjeringa (1944-1945), rettsoppgjeret og dei utfordringane det frigjorde Frankrike stod ovanfor.

Kva lærer du?

Studentane skal få djupare innsikt i kvifor Frankrike vart knust militært og okkupert av Tyskland i 1940, kva Vichy-regimet stod for, kvifor og korleis heimefront og utefront voks fram, kva for rolle Frankrike spela i sluttfasen i krigen ved sida av dei allierte, og kva som særpregar det franske rettsoppgjeret og starten på attreisingsarbeidet. Etter eige val skal studentane fordjupe seg særskilt i ein del av emnet.

Opptak og tilgangsavgrensing

Emnet krever opptak til masterstudieretning Frankrike-studier eller et annet relevant masterprogram som godkjenner emnet som del av studiet. Dispensasjon for krav om 40 studiepoeng i fransk kan gis etter søknad.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Se Opptak og adgangsregulering ovenfor.

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot FRA2508 – Frankrike og andre verdskrig (nedlagt)

Undervisning

Ein dobbelttime i veka (førelesingar og/eller seminar) i fjorten veker. Det blir sett av undervisningsfrie periodar til oppgåveskriving.

Eksamen

Innlevering av ei oppgåve på åtte-ti normalsider (à 2300 teikn) som byggjer på eit fellespensum og eit individuelt særpensum (samla omfang 800-1000 sider). Du skal levere oppgåva i Fronter.

Ved fastsetjinga av karakteren tel både innhald og språkføring.

Eksamensspråk

Fransk

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Ei semesteroppgåve eller tilsvarande som er bestått, kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.

Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen bruker du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding fra studentene våre er avgjørende for at vi skal kunne tilby best mulig undervisning. Som student ved UiO blir du bedt om å delta i ulike typer evaluering av studiehverdagen din. Hver gang et emne gis ber vi studentene delta i underveisevaluering, og med jevne mellomrom ber vi dem delta i en såkalt "periodisk evaluering" av emnet.

Rapporter fra periodiske evalueringer

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Master
Undervisning
Haust 2013
Haust 2011
Vår 2009
Haust 2005
Eksamen
Haust 2013
Haust 2011
Vår 2009
Haust 2005
Undervisningsspråk

Fransk