Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Dette emnet er lagt ned. Nytt innføringsemne i italiensk heter ITA0100 og gis første gang høst 2011. Info om emnet kommer på nett fortløpende.

Emnet gir ei elementær innføring i italiensk språk: nominal og verbal formlære. Emnet har rask progresjon og krev jamnleg og god studieinnsats og mykje sjølvstudium.

Kva lærer du?

I teoridelen får studenten ein grunnleggande presentasjon av trekka i det italienske verbsystemet som omfattar dei grunnleggande verbformene (presens indikativ, passato prossimo, imperfetto, si-konstruksjoner) og nominalsystemet (bøying av dei vanlegaste substantiva og adjektiva og av det personlege pronomenet).

Samstundes vil studenten få innføring i eit enkelt ordforråd og vil få høve til å øve opp skriveferdighetar. I tillegg utviklar ein munnlege ferdighetar gjennom øvingar i grupper eller par slik at ein etter fullført emne når nivået A1 i Det europeiske rammeverket for språk.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Anbefalte forkunnskapar

Kjennskap til generell grammatikalsk terminologi er ein viktig føresetnad. Kunnskapar i eit eller fleire romanske språk er òg ein stor fordel.

Undervisning

Undervisninga vert gitt som grammatikkførelesingar (2 timer i veka) og gruppeundervisning (4 timer i veka) i 14 veker.
Studentane vert oppmoda til å samarbeide gjennom kollokviegrupper som vil gi god fagleg utteljing.
Emnet har krav om obligatorisk aktivitet. Det vil bli halde tre obligatoriske interne prøver i semesteret som skal godkjennast av faglærar.

NB! Studentar som ønskjer å framstille seg til eksamen må avlegge alle dei 3 obligatoriske interne prøvene.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Studenten må ha gjennomført obligatorisk undervisningsaktivitet før han eller ho kan framstille seg til eksamen.

Eksamensforma i emnet er ein skuleeksamen på 4 timar. Berre studentar som har fått godkjent 2 av 3 obligatoriske interne prøver, kan framstille seg til eksamen.

Tidlegare eksamensoppgåver finn du her:
http://www.uio.no/studier/emner/hf/ilos/ITA0101/Eksamensoppgaver/Eksamensoppgaver.xml

Hjelpemiddel

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Eksamensspråk

italiensk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdato.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Undervisning

Hver høst, siste gang høst 2010.

Undervisningsspråk

Italiensk (og norsk)