Dette emnet er nedlagt

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Dette emnet gir ei innføring i moderne italiensk morfologi og syntaks.

Kva lærer du?

Du får kunnskap om morfologiske og syntaktiske trekk av:

  • Verb
  • Substantiv
  • Adjektiv
  • Pronomen
  • Adverb
  • Artikkel
  • Bruk av tempus og modus
  • Passive og upersonlige konstruksjoner
  • Syntaktiske, semantiske og kommunikative setningstrukturer
  • Ordstilling

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

For å fylgje seminarundervisning må du ha undervisningsopptak til emnet.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Generell studiekompetanse.

Anbefalte forkunnskapar

ITA1101 – Italiensk språk eller tilsvarande kunnskaper.

Undervisning

Undervisninga vert gitt som 2 timar seminar i 14 veker.

Emnet har krav om obligatorisk aktivitet: Studenten skal levere to oppgåver som må godkjennast av faglæraren for å kunne framstille seg til eksamen.

Retningslinjer for obligatoriske aktivitetar.

Godkjent undervisningsaktivitet er gyldig i inneverande og dei to neste semestera emnet vert gitt.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Studenten må ha gjennomført obligatorisk undervisningsaktivitet (sjå over) før han eller ho kan framstille seg til eksamen.

Eksamensforma på emnet er ein skuleeksamen på 4 timar.

Tidlegare eksamensoppgåver finn du her: http://www.uio.no/studier/emner/hf/ilos/ITA2101/Eksamensoppgaver/Eksamensoppgaver.xml

Hjelpemiddel

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Eksamensspråk

Du skal svare på eksamen på italiensk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdato

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding fra studentene våre er avgjørende for at vi skal kunne tilby best mulig undervisning. Som student ved UiO blir du bedt om å delta i ulike typer evaluering av studiehverdagen din. Hver gang et emne gis ber vi studentene delta i underveisevaluering, og med jevne mellomrom ber vi dem delta i en såkalt "periodisk evaluering" av emnet.

Rapporter fra periodiske evalueringer

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Kvar haust

(Tidligere hvert vårsemester frem t.o.m. våren 2011.)

Eksamen

Kvar haust

Undervisningsspråk

Italiensk