Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Diskusjonar av utdrag frå samtidige tekstar (litterære og frå aviser, o.l.); konversasjon, skildringar av situasjonar, miljø og personar; munnlege presentasjonar av ymse slag.

Kva lærer du?

Betring av dugleiken i dei fire språklege aktivitetane med mest vekt på forståing og produksjon av tale. Skriftleg forståing og produksjon er støtteaktivitetar og vert ikkje vurdert.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Generell studiekompetanse

Anbefalte forkunnskapar

ITA1101 – Italiensk språk og ITA1102 – Italienske tekster eller tilsvarande førekunnskapar

Undervisning

Kurset går i 14 veker, fordelt på 1 dobbeltime i veka.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamensforma på emnet er 1 obligatorisk munnleg presentasjon på ca. 10 min.og eit rollespel over eit tema, valt mellom fleire som studenten får førebu seg på. Dei to prøvene tel likt.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdato

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Undervisning

F.o.m. hausten 2007 vert emnet lagt ned.

Eksamen

haust 2005

Undervisningsspråk

Italiensk