Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet omfattar lesing av og kommentar til Dante Alighieris Purgatorio, utvalde songar. Gjennomgang av Dante held fram i ITA2315 med Paradiso.

Kva lærer du?

Studentane får kjennskap til tankeverda i høgmellomalderen slik den møter oss i det kunstneriske uttrykket til Dante.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Minst 30 studiepoeng med italienskstudium eller ulike kombinasjonar av litterære og historiske studium.

Anbefalte forkunnskapar

ITA1301 – Italiensk litteratur: Innføring og ITA1101 – Italiensk språk eller tilsvarende kunnskapar

Lese- og skrivedugleik i italiensk.

Overlappande emne

10 studiepoeng overlapp mot ITA4306 – Lectura Dantis II (nedlagt)

Undervisning

Undervisninga vert gitt som seminar med 2 timar i veka i 10 veker, til saman 20 timar. Ein føreset at studentane deltek aktivt munnleg under kurset.

Undervisninga er felles med ITA4306.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamensformen på emnet er en semesteroppgave på ca. 8 sider à 2300 tegn over oppgitt tema, skrevet på italiensk eller norsk (avhengig av studieprogram).

Studentene fra Språkprogrammet, studieretning Italiensk språk og fra Litteraturstudier, studieretning Italiensk litteratur må skrive eksamensoppgaven på italiensk. Studenter fra andre programmer og studieretninger og enkeltemnestudenter står fritt til å velge mellom italiensk og norsk som eksamensspråk.

Eksamensspråk

Italiensk eller norsk

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Undervisning

Uregelmessig

Eksamen

Uregelmessig

Undervisningsspråk

Italiensk