Dette emnet er nedlagt

KRIS1229 – Islam, kristendom og Vesten: idéhistorie og aktuelle relasjonar

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Studiet gir ei innføring i forholdet mellom islam, kristendom og Vesten - i historisk, politisk og teologisk perspektiv. Kjønnsperspektivet blir vektlagt; likeeins den nordiske konteksten og dei to religionane sitt felles møte med moderniteten.

Kva lærer du?

Studiet skal gi historisk kunnskap om muslimsk-kristne relasjonar og innsikt i aktuelle tema i kristen-muslimsk dialog. Studiet skal oppøve evna til å sjå dagsaktuelle spørsmål i historisk og dialogisk perspektiv.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Emnet har ingen formaliserte forkunnskapskrav.

Anbefalte forkunnskapar

Kristendoms- og islamkunnskap på innføringsnivå er ønskjeleg.

Undervisning

Studiet har omfattande nettstøtte og er bygd opp med forelesingar i kombinasjon med nettleksjonar og faglege diskusjonar i Classfronter.

Obligatoriske arbeidskrav: innlevering av
refleksjonsnotat på 1200-1300 ord og oppsatt respons til en medstudent i Fronter.

Eksamen

Tre dagars heimeoppgave over oppgitte tema på slutten av semesteret på 3000-4000 ord.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Eksamen

Undervisningsspråk

Norsk

Kontakt

TF-infosenter