Studentar

Her kan du finne meir ut om kva reglar du må følgje om du skal ta opptak av ein førelesning, eit kurs eller eit seminar på UiO, spesielt med omsyn til personvern.

Kva må eg gjere før opptak?

Har eg lov?

Ja, du har lov, men visse reglar gjeld.

Om du tek opptak på eige initiativ, kan opptaket kun brukast til reint private formål. Det vil seie at du ikkje kan dele opptaket over internett. Om du vil dele opptaket, må du be om samtykke frå alle i salen/auditoriet. 

Samtykke får du ved at alle skriv under på samtykkeerklæring. Alle skal også vere informert om eigne rettar. Bruk gjerne informasjonsskrivet vi har lagt ut her. 

Personvern

Av personvernomsyn er det viktig å tenkje over kva du tek opptak av, sjølv om det er til privat bruk. Opptakaren bør rettast mot forelesar, og ikkje salen.

Kva gjer eg etter opptak?

Opptak til privat bruk skal ikkje distribuerast. Om du vil distribuere opptak som i utgangspunktet var til privat bruk, må du hente inn samtykke frå alle personane som var i rommet ved opptakstidspunktet.

Eg har gitt samtykke til å vere med i eit opptak, men vil trekke det tilbake. Kva gjer eg?

Du kan trekke tilbake samtykke når som helst. Du treng ikkje oppgi grunn for tilbaketrekkinga. Tilbaketrekning av samtykke må skje skriftlig til ansvarleg eining.

Publisert 7. okt. 2015 08:16 - Sist endra 5. feb. 2018 11:03