English version of this page

Godkjenning av norsk utdanning

Dersom du har emne frå andre universitet eller høgskular i Noreg, kan du søkje om å få bruke dei i staden for UiO-emne. Søknaden kan gjelde både valfrie og obligatoriske emne.

Dei faglege krava i programmet avgjer om emna kan brukast. Du finn krava under "Oppbygging og gjennomføring" på programsida.

Dersom du treng hjelp til å planlegge studieløpet ditt, kan du be om rettleiing. Du finn kontaktinformasjon under "Kontakt oss" på programsida.

Dersom du ikkje er programstudent, kan du lese meir om fritt samansette bachelorgrader.

Frist

Søknadar blir vanlegvis behandla etter kvart som dei kjem inn.

Nokre program har eigne fristar. Desse finn du under "Søknadsfrist og opptak" på programsida.

Behandlingstid

I dei fleste sakene får du svar innan ein månad. Dersom det trengs fagleg vurdering av søknaden din, kan det ta opptil fire månader å behandle den.

Når resultatet er klart, får du melding i brev eller e-post.

Korleis søkje

Fyll ut skjemaet og legg ved eventuell dokumentasjon, jf. krava lenger nede på sida. Send inn nettskjema/via post eller lever den til infosenteret på fakultetet ditt.

Krav til dokumentasjon

Obligatoriske emne

Dersom søknaden gjeld obligatoriske emne, gjer UiO ei fagleg vurdering av innhaldet i emna. Du må derfor leggje ved emneomtalar med pensumlister for alle emna du ønskjer å få vurdert.  Emneomtalane må vere frå det semesteret du tok eksamen i emnet. 

Dersom søknaden gjeld avhandlingar eller større skriftlege oppgåver, må du leggje ved desse. Dei blir returnerte når søknaden er ferdigbehandla.

Valfrie emne

Dersom søknaden gjeld valfrie emne, treng du normalt ikkje leggje ved dokumentasjon hvis emne er frå andre lærestadar i Noreg.

Karakterutskrift

UiO kan hente eksamensresultata dine frå andre lærestadar i Noreg. Du treng derfor normalt ikkje leggje ved karakterutskrift.

Utdanning frå nokre få lærestadar, til dømes BI, må du framleis dokumentere med karakterutskrift.

Kontroll av dokumentasjon

UiO kan krevje at du legg fram originaldokumenta. UiO kan også be om verifisering av dokumenta direkte frå institusjonen som har utferda dei.

Falske dokument

Du er sjølv ansvarleg for at dokumenta dine er korrekte. Bruk av falske dokument er omfatta av straffelova § 361 og vil bli meldt til politiet. Les meir om falske dokument.

Spørsmål?

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.

Publisert 5. mars 2015 16:16 - Sist endra 19. nov. 2021 14:51