Du er sjølv ansvarleg for at dokumenta dine er korrekte. Bruk av falske dokument er omfatta av straffelova § 361 og vil bli meldt til politiet.
Konsekvensar av å levere eit falskt dokument
Dersom du har levert eit falskt dokument, kan dette gi følgjande konsekvensar, avhengig av omstenda dokumentet er levert i:
- Du kan miste retten til å søkje høgare utdanning i inntil eitt år.
- Du kan bli utestengd frå UiO i inntil eitt år.
- Du kan miste retten til å avlegge eksamen i inntil eitt år ved UiO og andre universitet og høgskular i Noreg.
- Du kan miste studieretten din.
- Eksamenar og studiepoeng som allereie er avlagt kan bli annullert.
Kva er eit falskt dokument?
Eit falskt dokument er eit skriftleg eller digitalt dokument som har vore endra slik at innhaldet ikkje lenger gir eit sannferdig inntrykk.
Eksempel på falske dokument er mellom anna:
- Vitnemål eller andre dokument der anerkjende verifiseringsinstitusjonar har vurdert at det er ein sterk mistanke om forfalsking.
- Vitnemål eller andre dokument som er stadfesta som falske av studenten sin heimeinstitusjon eller av institusjonen som skal ha utforma dokumentet.
- Vitnemål eller andre dokument som er stadfesta som falske av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-Dir) eller andre høgskular eller universitet.
- Vitnemål frå bløffuniversitet ("diploma mills").
Prosess ved mistanke om falske dokument
- Varsel om mistanke og dine kommentarar til mistanken
Dersom du blir mistenkt for å ha nytta falske dokument ved ein søknad, vil du få brev med varsel om mistanken. Du kan gi skriftlege kommentarar til varselet, vanlegvis innan tre veker frå du har motteke brevet. Dersom kommentarane dine ikkje fjernar mistanken, vil saka bli sendt til UiOs nemnd for studentsaker og meldt til politiet.
- Behandling av saka i UiOs nemnd for studentsaker
UiOs nemnd for studentsaker behandlar saken og tek stilling til om det er bevist at du har nytta falske dokument eller ikkje. Dei vil også ta stilling til kva disiplinær reaksjon du eventuelt skal få. Når vedtaket er fatta, får du brev med skriftleg orientering om dette.
- Melde saka til politiet og varsling av andre institusjonar
Dersom det er stadfesta eller sterk mistanke om at du har nytta eit falskt dokument, vil saka bli meld til politiet. Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-Dir) og dei andre universiteta og høgskulane i Noreg kan også bli varsla.
- Klageadgang
Du har rett til å klage på vedtak i UiOs nemnd for studentsaker. Du vil få informasjon om klageadgang saman med orienteringa om vedtaket.