ISL1100 - Islandsk 1, innføring i moderne islandsk språk
Kort om emnet
Gjennomgang av grunndraga i moderne islandsk grammatikk og fonetikk og lesing av relativt enkle tekster. Tema, ord og uttrykk er knytte til islandsk daglegliv.
Kva lærer du?
Studentane lærer å bøye mykje brukte substantiv, adjektiv, verb (hovudsakleg presens indikativ), samt pronomen og talord, og å lesa relativt enkle, korte tekster med akseptabel uttale, omsetja dei og analysera dei grammatisk.
Opptak og adgangsregulering
Studentar må kvart semester søkje plass på undervisninga og melde seg til eksamen i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.
Det er ikkje mogleg å ta dette emnet som privatist. Du må ha plass på undervisninga for å ta eksamen.
Forkunnskap
Anbefalte forkunnskap
Det er ein føremon å ha teke EXFAC03-SPR eller EXFAC03-NORD.
Undervisning
Seminar og øvingar i tekstlesing, totalt 28 timar. Ei kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.
Adgang til undervisning
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Eksamen er ei munnleg prøve som blir vurdert med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.
Hjelpemiddel
Ingen hjelpemiddel er tillatne.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Grunngjeving og klage
Du kan be om grunngjeving for eksamenskarakterane, og du kan klage over karakterfastsetjinga eller over formelle feil ved eksamen. Les meir om grunngjeving og klage.
Adgang til ny eller utsett eksamen
Du kan vanlegvis ta eksamen på nytt, men tidspunktet er avhengig av om du hadde gyldig forfall til ordinær eksamen. Les meir om å ta eksamen på nytt.
Trekk frå eksamen
Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.
Evaluering av emnet
Tilbakemelding frå studentane våre er avgjerande for at vi skal kunne tilby best moglege emne og studieprogram. Vi gjennomfører fortløpande evaluering av dette emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande, periodisk evaluering av emnet.
Anna
Obligatorisk erklæring som vedkjem fusk skal leverast saman med alle obligatoriske kvalifiseringsoppgåver og eksamensinnleveringar:
Obligatorisk erklæring bokmål
Obligatorisk erklæring nynorsk