English version of this page

Godkjenning av norsk utdanning

Dersom du har emne frå andre lærestadar i Noreg, kan du søkje om å få bruke dei i staden for UiO-emne. Søknaden kan gjelde både valfrie og obligatoriske emne.

Dei faglege krava i programmet avgjer om emna kan brukast. Du finn krava under "Oppbygging og gjennomføring" på programsida.

Dersom du treng hjelp til å planlegge studieløpet ditt, kan du be om rettleiing. Du finn kontaktinformasjon under "Kontakt oss" på programsida.

Dersom du ikkje er programstudent, kan du lese meir om fritt samansette bachelorgrader.

Frist

Søknadar blir vanlegvis behandla etter kvart som dei kjem inn.

Nokre program har eigne fristar. Desse finn du under "Søknadsfrist og opptak" på programsida.

Behandlingstid

I dei fleste sakene får du svar innan ein månad. Dersom det trengs fagleg vurdering av søknaden din, kan det ta opptil fire månader å behandle den.

Når resultatet er klart, får du melding i brev eller e-post.

Korleis søkje

Fyll ut skjemaet og legg ved eventuell dokumentasjon. Send søknaden i posten eller lever den til infosenteret på fakultetet ditt.

Krav til dokumentasjon

UiO kan hente resultata dine frå andre lærestadar i Noreg. Du treng ikkje leggje ved karakterutskrift dersom du gir samtykkje til dette i Studentweb.

Utdanning frå nokre få lærestadar, til dømes BI, må du framleis dokumentere med karakterutskrift.

Valfrie emne

Dersom søknaden gjeld valfrie emne og du har gitt samtykkje til at UiO hentar resultata dine, treng du ikkje leggje ved dokumentasjon.

Obligatoriske emne

Dersom søknaden gjeld obligatoriske emne, gjer UiO ei fagleg vurdering av innhaldet i emna. Du må derfor leggje ved emneomtalar med pensumlister for alle emna du ønskjer å få vurdert.

Dersom søknaden gjeld avhandlingar eller større skriftlege oppgåver, må du leggje ved desse. Dei blir returnerte når søknaden er ferdigbehandla.

Kontroll av dokumentasjon

UiO kan krevje at du legg fram originaldokumenta. UiO kan også be om verifisering av dokumenta direkte frå institusjonen som har utferda dei.

Spørsmål?

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.

Publisert 5. mars 2015 16:16 - Sist endra 10. aug. 2017 13:38