Vi må sjølve kople forsking og utdanning!

Den reviderte langtidsplanen for forsking og høgare utdanning (LTP) legg stor vekt på behovet for å lykkast med ei sterkare kopling mellom forsking og utdanning. Dette er eit svært velkome grep som nok reflekterer at sektoren sjølv ikkje har evna å utnytte potensialet i ei slik kopling fullt ut. Regjeringa skal ha ros for å løfte fram verdien av ein tydelegare og meir systematisk integrasjon av forsking og utdanning.

Illustrasjon frå Meld. St. 4 (2018–2019)

Heilt frå revidert LTP vart lansert, har det likevel vorte fremja kritikk om at regjeringa i liten grad har konkretisert korleis integrasjonen bør utformast. Kritikken blussa opp att og vart gjenteken under UHR-konferansen i førre veka. Sjølv meiner eg likevel at konkretiseringa må vere institusjonane sitt ansvar. Skal vi lykkast, må vi sjølve tydelegare på banen; vi må sjølve ta eit klart eigarskap til denne heilt sentrale problemstillinga for sektoren vår.

Eg er faktisk glad for at revidert LTP held seg til dei meir overordna og prinsipielle diskusjonane. Ein viktig grunn er at ei betre og breiare utnytting av grenseflatene mellom forsking og utdanning må gå føre seg på ulike måtar innanfor ulike fagtradisjonar. Dette er heilt klart erfaringa ved UiO som jo rommar ei stor fagleg breidd og mange ulike forskings- og undervisningstradisjonar. Det er til dømes heilt ulike utfordringar for profesjonsutdanningane og generalistutdanningane når forsking og utdanning skal koplast. Det er likeins heilt klart ulike utfordringar innanfor tekstbaserte og laboratoriebaserte fag.

I satsinga vår på utdanning som vi lanserte for eit år sidan, er koplinga av forsking og utdanning ei av dei berande søylene. Utdanning var hovudtemaet vårt da vi vart valde som rektorat, og vi opplever at arbeidet, energisk leidd av prorektor Gro Bjørnerud Mo, har fått ei heilhjarta og stor oppslutning i leiingslinja og i fagmiljøa. Vi opplever at engasjementet for å profilere UiO som eit forskingssterkt universitet som også tilbyr framifrå utdanning, er sterkt og aukande. Energien i rommet under den første årlege UiO-konferansen vår om utdanning, med tilbakemeldingar til studentane og leiing som tema, var sterk og positiv. 

Eg trur det er mange grunnar til at vi føler ei stor oppslutning, og eg trur ikkje minst vi får hjelp av at tida er moden. Eg har før referert til mine om lag 50 samtalar med enkeltkollegaer (stort sett utanfor MedNat-området) før vi starta valkampen. Det var mykje hjarte og hjerne for undervisning og utdanning i desse samtalane. 

Eg trur òg at vi alle ser og lèt oss inspirere av suksesshistorier. Vi høyrer at studentane ved dei miljøa som lykkast godt med å kople forsking og utdanning, fortel om utdanning som er relevant, praksisnær og oppdatert. Tydeleg kopling ser også ut til å gi eit breiare og betre utgangspunkt for å få til forpliktande tverrfaglegheit.

Men det ser og må sjå ulikt ut i breidda av vårt store universitet. Dei to sentera våre for framifrå utdanning, ProTed – Senter for fremragende lærerutdanning og CCSE – The Centre for Computing in Science Education, er viktige signalprosjekt også når forsking og utdanning skal koplast, men det skjer òg gledeleg mykje i fagmiljøa. 

Eg veit til dømes at Institutt for medievitskap arbeider fram eit revidert BA-program som byggjer på ambisiøse og systematiske modellar for korleis studentane skal møte forskinga.

Eg veit til dømes at den tette kontakten som studentane på masterprogrammet Organisasjon, leiing og arbeid (OLA-programmet) ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi har både til forskingsmiljøa og til arbeidslivet, gir høg gjennomføringsgrad og fleirtalet av studentane raskt relevante jobbar.

Eg veit til dømes at forskarskolen ved Det medisinske fakultetet nettopp har sørgt for at studentar tidleg har vorte eksponerte for forsking, og at dette har vore viktig for rekrutteringa av medisinstudentar til doktorgradsprogrammet.

Og eg veit at Honours-programmet som no blir utvikla mellom MatNat og HF, kjem til å bli eit svært viktig og nyskapande studium som vil inspirere til nytenking og revisjon i breidda av studietilbodet ved UiO. Det er viktig for oss å vere litt modige og eksperimentelle – teste ut og sjå effektar. 

For oss handlar dette ikkje minst om å ta kunnskap i bruk. Vi veit at kunnskap i stor grad blir overført til samfunnet gjennom dei dyktige kandidatane våre, og ei sterkare kopling av forsking og utdanning representerer ei tydeleg handtering av krav samfunnet set til at kunnskapen blir raskare teken i bruk. Deretter vil det sjølvsagt vere skilnad på balanse, profil og angrepsvinkel på Det juridiske fakultetet, på Det teologiske fakultetet osv. «One size fits all»-tenking fungerer ikkje.

Vi har sjølvsagt også forventningar til løyvande institusjonar som Forskingsrådet og til dei ulike avgjerdstakarane våre. Eg er ikkje minst oppteken av at det må vere ein distinkt skilnad mellom universitetssektoren og instituttsektoren. Og når universitetsforskinga blir finansiert, støttar det opp om integrasjonen mellom utdanning og forsking. Det er også viktig at Forskingsrådet alltid hugsar studentane som ressurs når til dømes innovasjonsverkemidla skal utviklast vidare. 

Men her og no vil eg nøye meg med å takke regjeringa for å gi oss det handlingsrommet vi må ha, og er lykkeleg for at det dermed ikkje er rørt ved autonomien vår.

Av Svein Stølen
Publisert 24. nov. 2018 15:27 - Sist endret 24. nov. 2018 15:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere

 Rektorteamet. Foto: © UiO/Anders Lien

Rektorbloggen

#UiOiSamspill

Vårt ønske er at UiO styrker sin evne til samspill internt og eksternt. Målet er å utnytte den enestående posisjonen vi har som hovedstadsuniversitet i en av de mest kunnskapsintensive regionene i Europa.

I Rektorbloggen skriver vi om saker av stor betydning for UiO.