Sosialt byråkrati?

Innovasjon, prøving og feiling på sosiale medier

Det finst i dag ingen overordna retningslinjer for bruk av sosiale media i forvaltninga, men nesten alle departement er til stades på plattformer som Facebook og Twitter. 

  • Korleis tilpassar embetsverket seg format som fremjar det uformelle, som skal engasjere og skape trafikk?
  • Korleis sikre at innhald og form er korrekt, transparent og tar omsyn til personvern?

Sosiale media har ofte vore introdusert gjennom ein prøve-og-feile-prosess. Seminaret går blant anna gjennom nokre tilfelle der ting ikkje har gått heilt etter planen.

Video av innleggene

Program

07:45 Registrering og frukostservering
08:15 Velkommen ved Partnerforums sekretariat
08:15 Sosialt byråkrati? Innovasjon. prøving og feiling i sosiale media (pdf)
  Kjersti Thorbjørnsrud, forskar ved Institutt for samfunnsforskning
  Tine Ustad Figenschou, førstamanuensis ved Institutt for journalistikk og medier HIOA
08:55 Sosiale medier i et departement – praktiske erfaringar og "lessons learned" (pdf)
  Kjell Brataas, seniorrådgjevar Samferdeselsdepartementet
09:15 Diskusjon - spørsmål og kommentarar
  Diskusjonsleiar: Aslak Bonde, politisk journalist
10:00 Slutt

Om presentasjonane

Kjersti Thorbjørnsrud og TIne Ustad Figenschou: Innleiarane har studert på nært hald korleis sosiale media er tatt i bruk i departementa: Dei forklarer korleis sosiale media har komme inn som ein sentral del av departementa sitt kommunikasjonsarbeid og set fokus på dilemma knytte til form, interaksjon og betalt innhald i sosiale media.

Kjell Brataas: Innlegget vil fokusere på SDs arbeid med sosiale medier, i hovedsak Facebook, Twitter og YouTube. Dette vil kunne vise konkrete eksempel på kva som har fungert og ikkje, inkl. litt statistikk, video og vår omdiskuterte #ketilsolvikolsenserpåting frå i fjor sommer.

Om innleiarane

Kjersti Thorbjørnsrud er forskar ved Institutt for samfunnsforskning. Ho er statsvitar med ein PhD i medievitskap, og har studert mediatisering av politikk og embetsverk.


Tine Ustad Figenschou er førsteamanuensis ved Institutt for journalistikk og medier, HiOA. Figenschou forskar på politikk, makt og journalistikk, og har saman med Thorbjørnsrud studert mediearbeid og medietilpassing i sentralforvaltninga over ein lengre periode.


Kjell Brataas er senior kommunikasjonsrådgjevar i Samferdselsdepartementet der han har hovedansvar for sosiale medier, krisekommunikasjon og videoproduksjon. Han har lang erfaring frå offentleg og privat virksomheit og har helde foredrag om både sosiale medier og krisekommunikasjon i bl.a. Oslo, Stockholm, London, Denver, Toronto og Istanbul.


Aslak Bonde har arbeidt ti år i Aftenposten si politiske avdeling og ti år i NRK Dagsnytt. Frå 2002 har han jobba som frittståande, politisk analytikar og leiar av konferansar og debattar. Bonde skriv kvar veke politiske analysar i Morgenbladet og i Ukeavisen. I tillegg skriv han med jamne mellomrom om norsk politikk i Kommunal Rapport, Energi, Forum og Analys Norden. Bonde har hovudfag i historie frå Universitetet i Oslo og ein mastergrad i journalistikk frå School of Journalism ved Columbia University i New York.

Emneord: IKT Innovasjon, Kommunikasjon, Tjenester, Forvaltningspolitikk
Publisert 13. mars 2017 12:57 - Sist endra 11. mai 2017 15:06