Frukost med Bernt: Den spanske tragedien

Kva kan vi lære av den spanske borgarkrigen i dag?

  • Kvifor har nettopp denne borgarkrigen – så fjern og framand – skapt eit engasjement utan like, her heime og internasjonalt?
  • Trongen til å finne ut av kva som eigentleg hendte har bragt fram eit materiale som veks i tilfang frå år til år, og som gjer denne borgarkrigen meir og meir mangesidig. Vi veit no meir enn aktørane sjølv kunne vite.
  • Den spanske overgangen til demokrati frå 1975 til 1981 danna eit mønster for liknande demokratiseringsprosessar i Sør Afrika og Latin-Amerika. Er det her ein modell for framtidige demokratiseringsprosessar?
  • Katalonia er i opprør – ein arv frå Franco-tida? Kva sit eigentleg att frå diktaturet i dagens Spania? Er det nye høgrepartiet Vox eit Franco-parti?

Program

08:00

Registrering og frukostservering
08:30

Velkommen ved Partnerforums sekretariat

Årelatinga i Spania - opphav og etterverknader - eit perspektiv etter åtti år
Bernt Hagtvet, professor Bjørknes/UiO
Diskusjon og spørsmål med salen leidd av Bernt Hagtvet

10:30 Slutt       
Program PDF

Grunnproblemet i den andre spanske republikken (1931-36) var at for få så på demokratiet som eit fast, overordna og legitimt  rammeverk for politisk arbeid. Dei var opportunistiske i  demokratisynet sitt: Uviljug til å sette overlevinga til systemet framfor eigne ideologiske omsyn eller personlege ambisjonar. Den umiddelbare årsaken til krigen var sammenbruddet i den offentlige orden og en serie med politiske mord våren 1936. 
Hagtvet, Aftenposten, mai 2019

Påmelding

Gratis inngang for tilsette hos partnarane (deltakeravgift er allereie betalt via medlemsbidraget til Partnerforum).  Deltakaravgift for andre interesserte er kr. 400 (studentar/honnør kr. 200,-).

Påmelding for partnarane  Kven er partnar?

Påmelding for alle andre 

Om frukostseminaret

1. april i år var det 80 år sidan Franco feira sigeren i Madrid med ein gigantisk parade. Den spanske borgarkrigen var den blodigaste konflikten mellom dei to verdskrigane. Eit vanlig overslag er at omkring 500 000 menneske vart drepne, anten ved frontane eller utanomrettsleg, eller av svolt eller krigspåført sjukdom. Franco avretta om kring 50 000 republikanere fra 1939 til 1945, nokon seier 70 000. Francos regime, eit reint hemnstyre, var mykje verre enn Mussolinis italienske fascisme - og likevel vart Spania ein slags vest-alliert forbundsfelle som lekk i den kalde krigen. Franco heldt fram med å drepe fiendar – fortrinnsvis med garrotte - heilt fram til han døydde i 1975.

Den spanske borgarkrigen vart i særsynt grad en symbolmetta krig: " la causa", "den siste store saka" for intellektuelle og kunstnarar (Picasso, Hemingway, Malraux,  Orwell, Nordahl Grieg, Gerda Grepp - er berre nokre døme). Borgarkrigen vart óg ein internasjonal krig. Den førte Hitler og Mussolini saman. Frå Stalin kom den einaste hjelpa til Republikken av noko format, med lagnadstunge fylgjer: Stalin dreiv sovjetisk innanrikspolitikk i  Spania mot Trotskij og mobiliserte til ein borgarkrig på venstresida innafor borgarkrigen. Dei vest-allierte greip  ikkje inn til fodel for den demokratisk valde republiken..

Spania kom til å bli eit symbol på noko meir vonfullt etter Francos død. At nettopp dette landet skulle makte ein overgang til demokrati, hadde få tillit til. Den spanske overgangen gjorde venteleg den sør-afrikanske overgangen tenkjeleg: Utan demokrati i Spania ville neppe Mandela ha tenkt seg ein tilsvarande prosess i Sør-Afrika. Dette er i alle fall en hypotese verdt å diskutere. 

Med flyttinga av Francos lekam frå Dei dødes dal til Madrid er kan hende kulminasjonen nådd i  den sjølransakingsprosessen som starta etter diktatorens død. Det er i alle fall sikkert at få land har gripe så djupt i oppgjeret etter diktatur som nett Spania (Lenin ligg  framleis i kista si på Den raude plassen). Her er det mykje å læra om det tyskarane kaller Vergangheitsbewältigung.

Prof. Bernt Hagtvet vil førelese om denne krigen.  Faren til Bernt, Johs. Hagtvet  (1904-88) var lækjar ved det svensk-norske sykehuset i Alcoy i 1937. På møtet vil Johs. Hagtvets artiklar frå opphaldet bli utdelte («En læges inntrykk fra Spania», trykt i det medisinske tidsskriftet Æsculap 1937).


Seminaret den 19. desember 2019 er den femte Bernt-frukosten i Partnerforum sin regi. Tidlegare frukoster; 2018: Er vondskap ein sjukdom? 2017: Attersyn med Orwell, 2016: Europa i krise – kvar går Europa i ljos av Dreyfus-saka, 2015: Kjem fascismen attende til Europa?

Om innleiaren

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved UiO frå 1994 med utdaning frå UiO, UiB, Yale og Oxford. Særskilte interesser for totalitære diktatur, ideologiar og menneskerettsstudiar, samt intellektuelle i politikken (bok om Bjørnson og Dreyfus-saka, 1994). Forskingsleiar ved Programmet for Menneskerettsstudiar, CMI i Bergen 1983-94. Gjesteførelesar ved Yale hausten 2016 om europeisk fascisme. Prof. II ved Bjørknes Høyskole. Breitt forfattarskap om europeisk politikk og politisk ekstremisme. Spaltist i Aftenposten og Dag og Tid, sakprosameldar i Dagbladet.Avholdt STV 1530, folkemordkurset som i ti år, «før jeg ble tvangspensjonert», som han seier, fylte auditorium 1 på SV. Knut Olav Åmås (tidl. kultur- og debattredaktør i Aftenposten) omtala serien «Frukost med Bernt» som gjekk 150 gonger på Blindern som “... en av de viktigste deloffentlighetene i hovedstaden: Flere ganger månedlig møtes flere enn 200 mennesker for å drøfte brennbare problemer i kultur og samfunn: tidlig om morgenen, i to stive timer, med frokost, gratis og åpent for alle.” (Aftenposten, 30.01.09). Han tala 300 minuttar om europeisk fascisme ved UiB  hausten 2018, ei førelesing som vart direktesendt på nrk2 som Frank Aarebrots minneførelesing.

Om Partnerforum

Partnerforum er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Handelshøyskolen BI og statlege verksemder. Vi er 22 partnarar som samarbeider om å lage arrangement om tema som er aktuelle for statsforvaltninga og det breie offentlege rom. Partnerforum lagar årleg ca. 11 fellesarrangement og eitt seminar for kvar partnar. I fjor bidrog 102 innleiarar for 2350 deltakarar på våre 24 arrangement.

Emneord: Sikkerhet, Demokrati, Etikk, Juss
Publisert 3. juli 2019 14:38 - Sist endra 8. nov. 2019 11:26