ISL2100 – Islandsk 2, fordjuping i moderne islandsk språk

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Emnet byggjer på ISL1100 – Islandsk 1, innføring i moderne islandsk språk, og er ei fordjuping i islandsk grammatikk, særleg verbmorfologi syntaks, og lesing av lettare litterære tekster, m.a. særleg noveller og dikt, med innføring i islandsk litteraturhistorie og moderne islandsk kultur knytt til tekstgjennomgåing.

Kva lærer du?

Studentane lærer å omsetja og analysera kjende tekster av normal vanskegrad både morfologisk og syntaktisk. Tekstene vert også sette inn i ein kulturell samanheng.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

ISL1100 – Islandsk 1, innføring i moderne islandsk språk eller tilsvarnade dokumenterte forkunnskapar i islandsk grammatikk og språkforståing.

Anbefalte forkunnskapar

Det er ein føremon å ha teke EXFAC03-SPR – Examen facultatum, språkvitenskap

Undervisning

28 timar seminarundervisning.

Eksamen

Vurderingsform er ei mappe med to oppgåver:

  • Den eine, ein grammatisk analyse på ca. 8000 teikn utan mellomrom (3-4 sider) av ei oppgjeven tekst, vert gjennomgått i undervisninga omkring midten av semesteret.
  • Den andre, på ca. 12.000 teikn utan mellomrom (om lag 5 sider), er ei øving i omsetjing under rettleiing, av ei sjølvvald tekst som faglærar godkjenner. Begge oppgåvene skal vere godkjende av faglærar før studenten leverer inn mappa til fastsett dato i slutten av semesteret. Oppgåva i omsetjing kan bearbeidast fram til innleveringsfristen.

Mappa blir vurdert samla med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk evaluering av emner ved ILN

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Emnet er avlyst på ubestemt tid

Eksamen

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisning på andre skandinaviske språk kan forekomme.