Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet gir oversikt over grunnomgrepa og sentrale problemstillingar innanfor leksikologi (ordlære), leksikogenese (ordlaging) og leksikografi (ordbokskunnskap).

Studentane får innføring i oppbygging og bruk av leksikografiske produkt og hjelpemiddel i ulike former. Leksikografiske produkt og hjelpemiddel omfattar ordbøker, fullformsregister, tekstkorpus, og verktøy for ulike analysemetodar.  Desse kan realiserast på papir, på nett, og elektronisk i til dømes relasjonsdatabasar.

Pensum finst på emnesida for kvart semester.

Kva lærer du?

Studentane får god innsikt i dei grunnleggjande sidene ved leksikografien og leksikologien, og øver opp evna til å finne fram i og bruke dei leksikografiske hjelpemidla, og til å instruere andre i det same.

Dei får òg kompetanse i å vurdere ordbøker.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Forkunnskapar

Anbefalte forkunnskapar

Evne til å lese pensumlitteratur på skandinaviske språk, engelsk, og tysk eller fransk.

Undervisning

Undervisninga blir gitt dels som førelesingar, dels som gruppeundervisning, med i alt 2 timar per veke i 15 veker, inkludert leseveker.

Ei kvalifiseringsoppgåve på ca. 6 sider skal vere godkjent av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ei munnleg prøve i slutten av semesteret som blir vurdert med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk evaluering av emner ved ILN

Periodisk emnerapport våren 2008

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Bachelor
Undervisning
Vår 2017
Eksamen
Vår 2017
Undervisningsspråk
Norsk

Undervisning på andre skandinaviske språk kan forekomme