LING1111 – Innføring i fonetikk og fonologi

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Elementær innføring i det vitskaplege studiet av språklydar frå ein allmennspråkleg og einskildspråkleg synsstad.

Kva lærer du?

Studentane skal tileigne seg grunnleggjande kunnskap om fonetisk analyse av språklydar, med hovudvekt på artikulatorisk og akustisk analyse. Dei skal lære å bruke transkripsjonssystemet til The International Phonetic Association (IPA) og det akustiske analyseprogrammet PRAAT. Dei skal tileigne seg grunnleggjande kunnskap om fonologisk teori, og lære å bruke denne kunnskapen i fonologisk analyse. Det blir lagt vekt på praktisk dugleik i både fonetikk og fonologi.

Opptak til emnet

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Overlappande emne

Undervisning

Undervisninga går over heile semesteret med totalt 36 undervisningstimer fordelt på 18 forelesningar.

Førelesaren skal godkjenna ei skriftleg kvalifiseringsoppgåve før eksamen.

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Mappeeksamen

Eksamen er ei mappe med skriftlege heimearbeid. Alle arbeida må leverast. Studentane vil få tilbod om tilbakemelding på delar av heimearbeida i mappa i løpet av semesteret. Heimearbeida kan omarbeidast fram til endeleg innlevering. Mappa vert vurdert samla og får karakter ved enden av semesteret.

Eksamensspråk

Du kan skrive eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Meir om eksamen ved UiO

Andre rettleiingar og ressursar finn du på fellessida om eksamen ved UiO.

Sist henta frå FS (Felles studentsystem) 15. okt. 2026 09:59:58

Fakta om emnet

Nivå
Bachelor
Studiepoeng
10
Undervisning
Haust
Eksamen
Haust
Undervisningsspråk
  • Engelsk
  • Norsk